Veda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vedaene)
Ei side frå Rigveda.

Vedaene er eldgamle religiøse skriftsamlingar, ein del av den skriftlege hovudkjernen i hindusimen. Dei inneheld hymne og historier om dei vediske gudane, filosofiske tankar om Gud og universet, og skildrar dessutan ei rekke ritual som skal utførast av prestar. Vedaene har inspirert mange seinare tradisjonar, som yoga, vedanta, tantra og bhaktirørsla

Ordet ved kjem frå sanskrit og tyder kunnskap, og er i slekt med det norske ordet visdom. I kronologisk rekkefølgje er dei fire vedaene Rigveda, Jadjorveda, Samaveda og Atharvaveda.

Skriftene blei til mellom 1.200 og 500 f.Kr., men før dette var innhaldet i dei blitt overført i munnleg tradisjon i lang tid. Mange forskarar meiner den eldste, samhita-delen i Rigveda, blei til mellom 1.800 og 800 f. Kr. Ein del hinduar meiner at alle vedaene blei til på same tid som verda blei til, og er blitt vidareformidla sidan den tid. Andre hevder at dei eksisterte i opptil åtte tusen år før dei blei skrivne ned.

Oppdeling[endre | endre wikiteksten]

Kvar veda er delt inn i fire delar.

  • Samhita inneheld mantra og hymner
  • Brahmana fortel korleis ein skal utføra ritual
  • Aranyaka er ein forteljande og mediterande del
  • Upanisjadane kommenterer samhitaene og gjev ei indre meining til dei ytra orda

Vedaene blei skrivne ned på sanskrit, og blir endå lesne på dette språket. Delar av dei er òg omsette til fleire vestlege språk.