Vederbuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vederbuk
Vederbuk
Vederbuk
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Karpefisk Cypriniformes
Overfamilie: Cyprinoidea
Familie: Karpefamilien Cyprinidae
Slekt: Leuciscus
Art: Vederbuk L. idus
Vitskapleg namn
Leuciscus idus

Vederbuk, også kjend som id og hirsling, er ein vandrefisk i karpefamilien som lever i brakkvatn, rennande vatn og i nokre innsjøar. Ein gul variant av fisken blir kallar gullvederbuk og blir brukt som prydfisk i dammar.

Han blei tidlegare nytta som matfisk, men blir i dag hovudsakleg rekna som ein god sportsfisk.

Fiska vederbuk.
Foto: C. Gerharz, 2005

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vederbuken har ein grågrøn rygg medan undersida er kvit eller gulaktig. Fisken kan bli opptil 1 m og vega 8 kg, men er mindre i Noreg.

Han er ein rovfisk som kan leva på insekt, sniglar, krepsdyr og muslingar. Ettersom dei blir eldre kan dei òg ta småfisk.

Fiskane blir kjønnsmogne 5–6 år gammal for hannar og eit par år etter for hoer. Dei gyt om våren i elvar, der egga klistrar seg til grus eller plantar. Egga klekker etter 10–20 dagar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finn ein særleg vederbuk søraust i landet.[2] Fisken finst naturleg nord i Europa og austover til Sibir, men finst i dag òg vilt i USA etter at fiskar rømde til Potomacelva frå ein statleg dam under ei oversvømming i 1889. Det er òg mistanke om at han er sett ut ulovleg i fleire vatn på New Zealand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Hesthagen T, Wienerroither R, Bjelland O, Byrkjedal I, Fiske P, Lynghammar A, Nedreaas K og Straube N (24. november 2021). «Fisker: Vurdering av vederbuk Leuciscus idus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vederbuk