Vefsn kommune
| Vefsn kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1824 |
| Fylke | Nordland |
| Adm.senter | Mosjøen |
| Areal | 1 929 km² |
| Folketal | 13 338 (1. jan 2011) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-2015) | Jann-Arne Løvdahl (Ap) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.vefsn.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Vefsn kommune på Commons | |
Vefsn er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Administrasjonssentrum ligg i Mosjøen. Kommunen grenser i nordvest mot Leirfjord kommune, i nord og aust mot Hemnes, i søraust mot Hattfjelldal, i sør mot Grane kommune, og i vest mot Brønnøy, Vevelstad og Alstahaug kommune.
Innhaldsliste |
[endre] Venskapsbyar
[endre] Historie
Kommunesoga til Vefsn startar med vedtakinga av formannskapslovene i 1837. Dei kommunale organa kom i Vefsn i arbeid i 1838, med sokneprest Christian Qvale som første ordførar. Den administrative eininga var ei vidareføring av gamle Vefsn sokn/prestegjeld og Vefsn fjerding (tinglag), begge med opphav i mellomalderen. Kommunen var i 1838 mykje større enn i dag, ca. 6.500 km²med eit innbyggjartal rundt 4.100. Seinare vart Hattfjelldal (i 1862), Mosjøen (i 1875), Grane (i 1927) og Drevja utskilde som egne kommuner.
1.1.1962 vart Mosjøen og Drevja igjen innlemma i Vefsn kommune, denne gongen i lag med Elsfjord, som frå gammalt hadde vore ein del av Hemnes. 1.1. 1995 vart fastlandsdelen av Alstahaug kommune overførd til Vefsn.[2]
Då kommunen vart etablert, var jordbruket det viktigaste næringsgrunnlaget, både fedrift og åkerbruk. Fleirtalet av bøndene var leiglendingar, godseigarane budde andre stader enn i Vefsn. Fisket spela òg ein stor rolle, ved sida av skogen, som frå 1860-åra gav grunnlag for ein moderne storindustri. Det skjedde i 1866/1867 ved det moderne, dampdrivne sagbruket som eit engelsk selskap sette i drift på Halsøya. Engelskbruket var berre 20 år i verksemd, men heile tida sidan har det vore sagbruksdrift i Vefsn. På 1950-talet opplevde kommunen ny industrireising då det vart starta produksjon av aluminium.
Då kommunen vart etablert, hadde han ikkje noko fast kommunesenter. Dolstad kyrkje var ein viktig stad, Kulstadsjøen ein annan, men frå 1860-talet utvikla Mosjøen seg til det viktigaste senteret i Vefsnbygdene.
Sørfrå var bilvegen til Mosjøen ferdig i 1924, jernbanen nådde Mosjøen i 1940. Frå gamalt var Vefsna den viktigaste transport- og ferdselsåra. Tømmerfløytinga hadde stort omfang frå 1860-talet og 100 år framover. Elva var òg ei viktig lakseelv til ho vart øydelagd av lakseparasitten Gyrodactylus salaris.
[endre] Næringsvegar
Vefsn er ein industrikommune. Det største verket er Elkem Aluminium, som saman med ein anodefabrikk og ISS Industrielt vedlikehold utgjer tyngdepunktet i industrimiljøet i Mosjøen. Men byen har òg eit sagbruk, Bergene Holm - Nes Trelastbruk, med røter frå byetableringa på 1800-talet, og tekstilindustri (Mosjøen Veveri) oppbygd som ein del av Nordnoregplanen på 1950-talet.
Mosjøen er eit viktig handelssentrum på Helgeland. Kvart år i september - frå gammalt ved mikkelsmesse - vert det arrangert tiendbytte, ein marknad med røter langt att i tida. Store enkeltverksemder er Helgeland Sparebank og HelgelandsKraft. Av statlege verksemder har byen hovudsete for politimeisteren på Helgeland, heimevernet (HR14) og delar av fylkesmannens landbruksavdeling. Vefsn sjukehus er ein del av Helgelandssykehuset.
Jord- og skogbruk er enno viktige næringar som tryggjar busettinga i vefsnbygdene.
[endre] Kultur
Kultur er òg eit viktig næringsgrunnlag i Vefsn. Mosjøen vidaregåande skole har ei populær musikkline, som saman med distrikstmusikarane og mange amatørkor og -orkester gjev grunnlag for eit rikt musikkliv.
Nordlandsbunaden for kvinner er utvikla i Mosjøen. Husflid og kunsthandverk er både kultur og næring i Vefsn.
Statskyrkja har tre sokn i Vefsn, med Dolstad, Elsfjord og Drevja kyrkjer. Elles har den katolske kyrkja, pinsevennane, adventkyrkja, Jehovas vitner, Frelsesarmeen og Misjonskirken eigne kyrkjebygg i Mosjøen.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Fotnotar
| Kommunar i Nordland | ||
|---|---|---|
| Helgeland | Alstahaug · Bindal · Brønnøy · Dønna · Grane · Hattfjelldal · Hemnes · Herøy · Leirfjord · Lurøy · Meløy · Nesna · Rana · Rødøy · Sømna · Træna · Vefsn · Vega · Vevelstad | |
| Salten | Beiarn · Bodø · Fauske · Gildeskål · Hamarøy · Saltdal · Steigen · Sørfold | |
| Ofoten | Ballangen · Evenes · Lødingen · Narvik · Tjeldsund · Tysfjord | |
| Lofoten | Flakstad · Moskenes · Røst · Vestvågøy · Værøy · Vågan | |
| Vesterålen | Andøy · Bø · Hadsel · Sortland · Øksnes | |