Vefsnfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Austre delen av Vefsnfjorden, med Mosjøen lengst sør
Sundøybrua kryssar Sundet, ein arm frå Vefsnfjorden til Leirfjorden

Vefsnfjorden, frå gammalt berre Vefsna, er ein fjord på Helgeland.

Vefsnfjorden strekkjer seg frå Tjøtta og om lag 25 km nordaustover langs øya Alsta. Nordaust for Alsta kan ein segle Sundet til fjordarmen Leirfjorden mot Sandnessjøen. Frå Sørnes, som er nordspissen av fastlandet sør for fjorden, går fjorden vel 20 km søraustover til Mosjøen. I fjordbotnen er munningen til elva Vefsna som renn gjennom Vefsn, Grane og Hattfjelldal kommunar. Totalt har fjorden ei lengd på om lag 48 km.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Fjorden Vefsnir er nemnd i Egilssoga[1]. Det gamalnorske fjordnamnet var Vefsnir, ei hankjønnsavleiing til eit eldre namn *Vefsn, som er ei avleiing på –sn av verbet vefja eller eit anna ord med same ordstomnen. Det norrøne ordet vefja tyder 'vikle', 'gjere vanskeleg' eller 'drygje' [2], og kan ha samanheng med at fjorden bøyer seg eller at han er vanskeleg å segle eller ro [3].

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Forinden er Wefsen den kraagede Fiord
I hvilken er mangen en Græsgroed Jord

Med kostelig Bugter og Viger.

Fir’ hundrede Bønder der bygger og boer
Naar Aaringen løckes og Kornet det groer

Da findes Forraad inden Dørre

Der tages af mangen arbeydende Krop
Alt Aar efter Aar nye Rydningar op

Og Almuen vorder alt større.
Petter Dass, Helgelands Beskrivelse i Nordlands Trompet

Fjorden er omgjeven av bratte fjell. Gardane langs fjorden er små. I fjordbotnen ligg Mosjøen, og herifrå har gjekk ferdsla frå gammalt vidare med elvebåt eller landvegen innover landet.

På Vefsnfjorden går det ferje frå Dagsvika til Sørnes, Hundåla, Vikdalen og Mosjøen. På nord- og austsida av fjorden går riksveg 78, på austsida av fjorden går vegen parallelt med jernbanen.

Dei største buktene i fjorden er Vikdalsbukta og Hundålsbukta på sørsida, Drevjabukta på nordaustsida og Kvalnesbukta ved Sundøya på nordvestsida. Fjordstrekninga sørover frå Sundøya og Sørnes vert lokalt kalla Sørfjorden.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Fjorden har tidlegare vore sterkt forureina av PAH og anna utslepp, blant anna frå aluminiumverket i Mosjøen. Etter aktivt arbeid vart Vefsnfjorden den første norske fjorden som vart friskmeld av Mattilsynet [4].

Vefsnfjorden frå Hamnes-Bjørga og Sandnessjøen-Leinesodden og innover til utløpet av elva Vefsna er i Innstilling nr.183 (2006-2007) fra energi- og miljøkomiteen om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder føreslått som nasjonal laksefjord. [5]

I fjorden vert det fiska etter laks med garn og nøter. Dei største elvane som renn ut i fjorden er Hundåla (regulert), Drevja (verna), Fusta (verna) og Vefsna (føreslått verna). Ved utløpet av Drevja ligg Drevjaleira naturreservat, eit freda våtmarksområde. År om anna legg isen seg på fjorden dei inste kilometrane frå Alterneset og sørover, men slik fjordis har vore sjeldan dei siste femti åra.

Bredderne af Vefsenfjorden ere hæslige og for en stor Deel ubestigelige. Fjeldrækken De syv Søstre er skrækkelig.

Ivar Aasen i dagbok for 7. september 1846

Referansar[endre | endre wikiteksten]