Vegard Høidalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vegard Høidalen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. mai 1971 (52 år)
Skien kommune
Idrett Sandvolleyball
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 2004

Vegard Høidalen (fødd 10. mai 1971) er ein norsk volleyballspelar frå Skien. Høidalen har spelt både sandvolleyball og innandørs og representerte Skien Volleyballklubb.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Høidalen tok til å markera seg i internasjonale tevlingar frå 1995.[2] I 1997 vart han europameister i sandvolleyball saman med makkeren Jørre Kjemperud. Dei to vann EM-bronse fire gonger og deltok under sommar-OL 2000 i Sydney. I 2001 vann dei bronse under VM i sandvolleyball.

Vegard Høidalen deltok også i sommar-OL 2004 i Aten saman med Kjemperud, der dei enda på ein niandeplass.[3]

I 2008 vart Vegard Høidalen suspendert frå konkurransar og trening i volleyball. Grunnen var at alle spelarar som er tilknytt Norges Idrettsforbund (NIF) har plikt til å melda frå om kvar dei til ei kvar tid er seg, slik at dei kan kallast inn til dopingkontrollar utan åtvaring på førehand. Høidalen hadde ignorert fire åtvaringar frå NIF om dette, og vart difor utestengt for brot på meldeplikta.[4] Straffa varte i fire månader før Høidalen igjen vart frifunnen i 2009.[5]

Vegard Høidalen har 11 landskampar bak seg i karrieren sin, og er framleis aktiv volleyballspelar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Vegard_Høidalen» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Høidalen på Sports-reference.com, arkivert frå originalen 14. august 2012, henta 14. august 2012 
  2. Profil hjå Beach Volleyball Database
  3. Høidalen på Sports-reference.com, arkivert frå originalen 14. august 2012, henta 14. august 2012 
  4. Vg.no, 3. juli 2008: Høidalen utestengt inntil videre
  5. Sportsanalyse.no: Frifunnet for brudd på meldeplikten, arkivert frå originalen 7. februar 2009, henta 14. august 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]