Vegard Opaas
Vegard Opaas (fødd 11. januar 1962) er ein tidlegare norsk skihoppar frå Oslo. Han hadde sin beste sesong i 1987, då han som fyrste nordmann gjekk til topps i verdscupen samanlagt. Same sesongen vann han to sølvmedaljar og ein bronsemedalje under ski-VM i Oberstdorf. Han vart noregsmeister ein gong (1986) og vann elles ein NM-sølv og to NM-bronsar i tida 1984-87, alle i storbakkerenn.
Innhaldsliste |
Aktiv [endre]
Opaas debuterte i verdscupen i januar 1982 med ein tiandeplass i St. Moritz. Det store gjennombrotet kom to sesongar seinare, då han midt i desember 1983 vann storbakkerennet i Thunder Bay. Han fekk då plass i OL-troppen, og vart nummer åtte som best. Samanlagt i verdscupen vart han nummer 10. I 1985 var han med til ski-VM i Seefeld, men hoppa svakt. I 1986-sesongen hoppa Opaas seg opp på pallen i tre renn i verdscupen, totalt i verdscupen vart han nummer sju. Under noregsmeisterskapen i stor bakke i Holmenkollen vann han sin einaste gullmedalje, med 232,5 poeng slo han Rolf Åge Berg med 0,2 poeng.
Sesongen etter, 1986/87, vann Opaas verdscupen i skihopping. Han sikra seg fire sigrar i verdscuprenn, og ei rekke pallplasseringar. Espen Bredesen i 1994 og Anders Bardal i 2012 er dei andre nordmennene som har makta vinne verdscupen. Same sesongen vann Opaas tre medaljar under verdsmeisterskapen i Oberstdorf. Han tok bronsemedaljen i normalbakken, sølvmedaljen i storbakken, og var med på å sikre Noreg sølv i lagkonkurransen, dei andre på laget var Ole Christian Eidhammer, Hroar Stjernen og Ole Gunnar Fidjestøl. Jiří Parma og Andreas Felder vann kvar sitt av dei individuelle renna, med store marginar. Tidlegare i sesongen kom Opaas på andreplass i den tysk-austerrikske hoppveka, bak Ernst Vettori.
Opaas vart i OL-sesongen 1988 nr 12 i verdscupen. I nokre renn hevda han seg mellom dei aller beste, men hamna oftare langt nede på resultatlistene. Han fekk plass i OL-troppen, men misluktest i stobakken. 1989-sesongen likna på den førre, endå om han vann eit verdscuprenn i Lake Placid.
Han la opp skihoppinga i 1990.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap [endre]
- 1984: Nr 8 i normalbakken under vinter-OL i Sarajevo
- 1987: Sølv i storbakken, bronse i normalbakken og sølv i laghopp under ski-VM i Oberstdorf
- 1988: Nr 19 i storbakken i vinter-OL i Calgary
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn [endre]
- 1982: Nr 9 i Engelberg
- 1983: Nr 6 i Planica
- 1983/84: Siger i Lake Placid andreplass i Planica
- 1985: Nr 3 i Štrbské pleso
- 1985/86: Siger i Lake Placid, andreplass og tredjeplass
- 1986/87: Fire sigrar; Lake Placid, Oberstdorf, Štrbské pleso, Oslo, samt tre tredjeplassar
- 1987/88: To tredjeplassar, Thunder Bay og Lake Placid
- 1988/89: Siger i Lake Placid
- 1990: Nr 6 i Bischofshofen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap [endre]
- 1982: Nr 11 i normalbakken på Raufoss
- 1984: Bronsemedalje i storbakken i Meldal
- 1985: Bronsemedalje i storbakken i Bærum
- 1986: Gullmedalje i storbakken i Oslo
- 1987: Sølvmedalje i storbakken på Odnes
- 1988: Nr 12 i storbakken på Rena
- 1989: Nr 4 i storbakken på Odnes
- 1990: Nr 4 i storbakken i Meldal
Bakgrunnsstoff [endre]
- Resultatoversikt hos FIS (engelsk)
Kjelder [endre]
- Sportsboken, aktuelle årgangar
|
|
|
|---|---|
| 1970-talet | 1979/80: Hubert Neuper |
| 1980-talet | 1980/81: Armin Kogler | 1981/82: Armin Kogler | 1982/83: Matti Nykänen | 1983/84: Jens Weißflog | 1984/85: Matti Nykänen | 1985/86: Matti Nykänen | 1986/87: Vegard Opaas | 1987/88: Matti Nykänen | 1988/89: Jan Boklöv |
| 1990-talet | 1989/90: Ari-Pekka Nikkola | 1990/91: Andreas Felder | 1991/92: Toni Nieminen | 1992/93: Andreas Goldberger | 1993/94: Espen Bredesen | 1994/95: Andreas Goldberger | 1995/96: Andreas Goldberger | 1996/97: Primož Peterka | 1997/98: Primož Peterka | 1998/99: Martin Schmitt | 1999/2000: Martin Schmitt |
| 2000-talet | 2000/01: Adam Małysz | 2001/02: Adam Małysz | 2002/03: Adam Małysz | 2003/04: Janne Ahonen | 2004/05: Janne Ahonen | 2005/06: Jakub Janda | 2006/07: Adam Małysz | 2007/08: Thomas Morgenstern | 2008/09: Gregor Schlierenzauer | 2009/10: Simon Ammann |
| 2010-talet | 2010/2011 Thomas Morgenstern | 2011/2012: Anders Bardal |