Vegard Sletten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vegard Sletten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mai 1907
Oslo
Død

17. desember 1984 (77 år)

Yrke journalist, redaktør, skribent, fagforeiningsleiar, biograf
Far Klaus Sletten

Vegard Sletten (fødd 8. mai 1907 i Oslo, død 17. desember 1984) var ein norsk ungdomslagsmann, redaktør og forfattar.

Sletten tok artium ved St. Svithuns skole i Stavanger, og hadde filologiutdanning frå Oslo (fransk bifag) og Paris (Sorbonne og Écoles des Hautes Études Sociales et Politiques. I 1929–41 var han var journalist i Stavanger Aftenblad. Under den tyske okkupasjonen vart han nekta å reise frå Stavanger, og han var då med i den illegale pressa der. Sletten sat på Grini frå 1944 og ut krigen.

I 1945 vart han journalist i Verdens Gang, og frå 1967 til 1977 redaktør. Samtidig med jobben i Verdens Gang, redigerte han også Norsk Tidend i tretti år, frå 1946 til 1975.

Sletten var aktiv nynorskmann og leiar av Noregs Ungdomslag i åra 1947–55, formann i Norsk Journalistlag i 1946–49 og 1956–62, og i Norsk Presseforbund i 1962–71. Han var også leiar av Den europeiske ungdomskampanjen i 1952-1959, ein organisasjon til forsvar for NATO.

Han var son av Klaus Daae Sletten og nevø til presten Jakob Hveding Sletten og barnebarn til Christopher Bruun.

Han vart slegen til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1971. Han var også riddar av Finlands løves orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]