Vegard Stake Laengen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vegard Stake Laengen (fødd 7. februar 1989) er ein norsk syklist frå Borgen i Asker kommune. Han og tvillingbroren Øystein Stake Laengen driv begge med profesjonell sykling.[1]
Vegard Stake Laengen sykla tidlegare for Joker Merida, men frå 2012-sesongen har han gått over til Team Type 1-Sanofi frå USA.[2] Han har fått gode resultat frå ei rekkje internasjonale sykkelritt dei siste par åra.[3] M.a. vann han det kanadiske rittet Tour de Beauce i juni 2012. [4]
I juli 2012 vart det klårt at Vegard Stake Laengen fekk bli med i sommar-OL 2012 som erstatning for Thor Hushovd.[5] Her deltok han i landevegssykling og enda på ein 77. plass.[6]