Vegard Ulvang
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vegard Ulvang (fødd 10. oktober 1963) frå Kirkenes i Sør-Varanger kommune, er ein norsk langrennslaupar.
Han var med i OL i Calgary (1988), Albertville (1992) og på Lillehammer (1994) og fekk tre gull, to sylv og ein bronsemedalje. I perioden 1989–1997 vann han 9 renn i verdscupen. Han vann verdscupen samanlagt i 1990 og kom på andreplass i 1989 og 1992.
Etter at Ulvang la opp som skirennar har han byrja med ein eigen kleskolleksjon, og var elles ofte å sjå på TV 2 saman med Arne Hjeltnes, Arne Brimi og Bjørn Dæhlie i programmet Gutta på tur.
Utmerkingar [endre]
- I 1991 vart Vegard Ulvang tildelt Holmenkollmedaljen.
- I 1992 vann han Peer Gynt-prisen saman med Bjørn Dæhlie.
- I 1996 fekk han Petter Dass-medaljen for sportslege triumfar.