Vegkryss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vegkryss i Kharkiv i Ukraina. Spora i snøen viser nokre av dei ulike banane trafikken kan ta.

Vegkryss er ein møtestad mellom to vegar som fører til at trafikk som går i ulike retningar må kryssa banane til kvarandre. For å gjera trafikken i vegkryss meir ordna kan ein bruka trafikklys, rundkøyring, fotgjengarfelt og liknande.

I folketru har vegkryss ei viktig tyding. Kryssa har vore brukte til å gravleggja utstøytte og kriminelle, særleg sjølvmordarar.[1] I andre tradisjonar kunne ein møta «ein svart mann», nokre gonger kalla Djevelen, ved vegkryss. Dette er særleg ein utbreidd tradisjon innan afroamerikansk kultur, som hoodoo og blueskultur.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Criminal graves and rural crossroads», British Archaeology, no 25, June 1997: Features

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vegkryss
Spire Denne transportartikkelen som har med kultur å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.