Vegtistel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vegtistel


Cirsium lanceolatum.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Cirsium
Art: C. vulgare
Vitskapleg namn
Cirsium vulgare

Vegtistel er ei urt i korgplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa, Asia og Nord-Afrika. Planta er kring 7 dm høg og har grov grågrøn stengel med mange greiner. Buktfinna blad med lange kvasse tornar, kvitlodne på undersida. Oversida med små tornar. Grågrøne sprikjande korgdekkblad med kvass gul odd. Blømer kring juli månad i vegkantar, på turre stader og avfallsplassar. Finst i det sørlege Noreg så langt nord som til Salten. Funnen opp til 680 m på Voss.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.