Vegtransport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Highway 401 i Canada er ein firefelts motorveg.

Vegtransport er transport av personar og gods etter veg. Ein skil ofte mellom persontransport, som kan føregå til fots, med dyr, sykkel, drosje, bil, buss og liknande, og godstransport som kan femna om lokaltransport, til dømes med varebilar, og langtransport, som gjerne føregår med lastebil.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Transport på land føregjekk opphavleg til fots eller med ride- eller kløvdyr langs stiar og tråkk. Ein kunne etterkvart gjera vad, myrer, pass og liknande meir farbare ved å fjerna tre og steinar, byggja opp grunnen, laga kavlevegar og liknande. Nokre stader blei stiane bygde ut til lange og omfattande nettverk, som Natchez Trace i Nord-Amerika. Utvikling av køyretøy med hjul, som vogner og kjerrer, gjorde det fleire stader ønskeleg med betre underlag i og ved mange oldtidsbyar. Dei første steinlagde vegane blei truleg bygde i Ur rundt 4000 f.Kr., medan Indusdalkulturen bygde vegar med mursteindekke på om lag same tid. Frå 2000-talet f.Kr. var steinlagte vegar vanleg i Midtausten og Hellas.

Romersk vegbygging.

På 400-talet f.Kr. bygde Persarriket kongevegen, ein veg på over 300 mil som dramatisk korta ned reisetid or sendebod mellom aust og vest. Vegen hadde karavanserai, eller trygge herberge der reisande kunne kvila. Frå same tidsrommet bygde romarane eit omfattande nettverk av vegar som letta transport av troppar, embetsmenn, sivile, meldingar og gods gjennom riket. Vegane hadde ulik storleik, men var gjerne utgravne og drenerte med knust stein som underlag og ofte steinlagte på toppen. Hestekøyretøya kunne koma raskt fram, men måtte ha fjøring for å redusera støt frå steinskøytane.

Craigellachie-brua konstruert av Thomas Telford.

Under kalifatet på 700-talet blei vegar i Bagdad dekte med tjøre, ein tidleg forløpar for asfaltering. I mellomalderen kunne lokalsamfunn stå for vegbygging, slik det til dømes er bestemt i Magnus Lagabøtes landslov. I renessansen blei det bygd mange nye vegar og bruar i Europa, ofte etter romersk mal. I Noreg blei den første landevegen for vogntransport bygd frå 1625 til 1630 mellom Kongsberg sølvverk og Hokksund. Viktige vegar til bruk for kongens forlk blei kalla kongevegar. Vegarbeid blei leia av offentlege offiserar.

På 1700-talet blei det bygd mange bomvegar med forbetra teknikkar utvikla av folk som John Metcalf, som forbetra drenering, Pierre-Marie-Jérôme Trésaguet, som brukte fleire gruslag som fundament, Thomas Telford, som bygde opp vegar med grøfter på sidene, og John Loudon McAdam, som utvikla makadamisering til stabilt vegdekke. Først på 1900, med innføringa av bilar, utvikla ein moderne asfaltdekke. Frå 1920-talet blei det fleire stader laga motorvegar spesielt for rask forflytting med bilar.

I takt med utviklinga av vegbygging og køyretøy blei det også laga fleire trafikkreglar for vegbruk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nordahl, Rasmus S: «vei» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 6. november 2014.
Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.