Vehicle Assembly Building

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nærbilete av Vehicle Assembly Building.

Vehicle Assembly Building er namnet på ein større bygning ved John F. Kennedy Space Center i Florida. Bygningen fungerer som monteringshall for dei amerikanske romferjene og vart innvigd i 1966 for apollo-programmet. Den gongen var namnet VERTICAL Assembly Building, ettersom bygningen vart bygd for å kunne montere månerakettane ståande. Då romferjeprogrammet tok over, forandra ein namnet på byggningen, sjølv om romferjene og vert montert i oppreist stilling.

Vehicle Assembly Building er den største ein-etasjes bygningen i verda. Dei fire dørene tek tre kvarter å opne heilt. Den 21. januar 2000 vart Vehicle Assembly Building inlemma i National Register of Historic Places. Når romferjeprogrammet vert pensjonert i 2010, er planen å nytte Vehicle Assembly Building til det komande Constellation-programmet.