Veikko Antero Koskenniemi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veikko Antero Koskenniemi (8. juli 1885 - 4. august 1962) vart fødd i Oulu Finland. Han var ein av Finlands mest populære forfattarar. I 1921 vart han professor i litteraturhistorie i Turku Finland. I 1948 kom han med i det finske akademiet. Koskenniemi er verdskjend for sine dikt, reisebøker og essays. Mellom anna er diktet han skreiv til Jean Sibelius' Finlandia rekna som eit storverk. He var påvirka av Goethe og Runeberg.
Asteroiden 1697 Koskenniemi (1940 RM) er kalla opp etter Koskenniemi.