Velar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Velare lydar, eller dorso-velare lydar er språklydar som er uttalt ved at tungeryggen (dorsum) blir heva opp mot den mjuke ganen (velum), enten slik at luftstraumen stoppar heilt opp (til ein velar lukkelyd, eller ved at han nesten stoppar (velar frikativ). Lufta kan også sleppe ut gjennom nasen, då har vi ein velar nasal. Velare fonem i dei fleste former av norsk er / k g ŋ /, dvs. stemt og ustemt velar lukkelyd, og velar nasal.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.