Veldig låg frekvens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Veldig låg frekvens (VLF) er elektromagnetisk stråling i området mellom 3 og 30 kHz.

VLF-bandet nyttast mellom anna for å sende meldingar til neddykka ubåtar.

Noregs einaste VLF-stasjon finst i Novika i Gildeskål, NATO driv tilsvarande anlegg i Tyskland og Italia. Dei krypterte meldingane kan sendast med snøggleik på opptil 50 bits i sekundet.

Bølgjelengd: 10–100 kilometer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Artikkel i Forsvarets Forum om Novik-sendaren

Kjelder[endre | endre wikiteksten]