Veleka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 42°2′5″N 27°41′44″E
Veleka
elv
none  Veleka
Veleka
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria, Flag of Turkey.svg Tyrkia
Kjelde Fjellet Strandzja
 - stad Tyrkia
 - høgd 710 moh
Munning Svartehavet
 - stad Sinemorets, Bulgaria
 - koordinatar 42°2′5″N 27°41′44″E
Lengd 147 km
Nedslagsfelt 995 km²
Munningen av Veleka ved Sinemorets i Bulgaria

Veleka (bulgarsk: Велека) er ei elv i søraustlege delar av Bulgaria og nordaust i den europeiske delen av Tyrkia. Ho er 147 km lang, der 123 km renn i Bulgaria, og har sitt utspring i fleire karstkjelder i den tyrkiske delen av fjellet Strandzja (İstranca) og munnar ut i Svartehavet ved den bulgarske landsbyen Sinemorets.

Nær kjelda er elva frå 8 til 10 meter brei, og har eit djup på 2 til 4 meter. Ved munningen er Veleka 50 meter brei og opp til 7-8 meter djup.

Området nær Veleka har rikt dyre- og planteliv, med meir enn 30 artar av ferskvassfisk, der den viktigaste er årbuk. Fem utryddingstrua dyreartar held til i elva, i tillegg til fleire regionalt viktige planteartar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]