Velferdsstat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Velferdsstaten)

Velferdsstat er ein stat som sikrar innbyggjarane visse grunnleggjande ytingar innanfor område som sosialpolitikk, helsetenester og utdanning. I ein velferdsstat er velferda til innbyggjarane i staten er eit formulert mål for den offentlege politikken, og staten treffer tiltak for å nå desse måla.

Kva omfattar velferdsstaten?[endre | endre wikiteksten]

Ein kan skilje mellom eit klassisk og eit utvida velferdsomgrep. Det klassiske omhandlar trygging av økonomiske og materielle levekår, særleg gjennom overføringar til dei aller fattigaste.

Det utvida velferdsomgrepet inkluderer fleire verkefelt, som til dømes helse, arbeid, utdanning, tryggleik og politisk deltaking. Det omfattar også ei større brukargruppe, då velferdspolitikken ikkje berre rettar seg mot dei fattigaste, men omfattar større delar av folkesetnaden.

Funksjonen velferdsstaten fyller i samfunnet kan definerast i forhold til arbeidsmarknaden og nærmiljøet. Desse gjev på den eine sida økonomiske midlar og på den andre pleie og omsorg. Velferdsstaten sin funksjon blir her å løyse oppgåver marknaden og nærmiljøet ikkje klarer, og den skal slik syte både for direkte økonomisk støtte og omsorg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Velferdsstaten vert vanlegvis sett på som ei europeisk oppfinning. Mellom 15- og 1800-talet vart det sett iverk fattiglover i mange vest-europeiske land. Bak desse lovene låg både ein freistnad på å avgrense betleriet og eit ynske om meir rettferdig fordeling av samfunnsgoda. Fattiglovene skulle gi ei behovsprøving av dei hjelpetrengande. Dei arbeidsuføre skulle få almisser i form av naturalia eller pengar, medan dei arbeidsudyktige skulle straffast med arbeid i arbeidshus.

Den spede starten til velferdsstaten kom som ei reformbølgje frå slutten av 1800-talet, og var ein reaksjon på dette systemet. Det var på denne tida ein først byrja å snakke om velferdsstaten, sjølv om opphavet til omgrepet er uklårt.[1] Den tyske kanslaren Otto von Bismarck var tidleg ute med å fremje sosiale forsikringsordningar. Ei viktig årsak til dette var ynsket om å sikre sosial stabilitet og ro. I denne tida stod både folkeleg opprør og rivaliserande venstreorienterte ideologiar fram som trugande for den politiske eliten. Velferdsstaten vart eit middel for å hjelpe dei fattigaste og tekkjast folkemassane. Desse ordningane vart difor ofte oppretta som fond der arbeidarar og arbeidsgjevarar saman stod for finansieringa.

Etter andre verdskrigen kom større endringar i tenkjemåtane kring velferdsstaten. I Vest-Europa gjekk fleire land over frå ordningar basert på forsikringsprinsippet til universelle trygdeordningar som omfatta heile folkesetnaden. I 1942 presenterte den britiske økonomen William Beveridge ein rapport som skulle danne grunnlaget for utviklinga av den britiske velferdsstaten etter krigen. Rapporten var påverka av keynesianske tankar om statleg kontroll over arbeidsmarknadspolitikken. Slike grep skulle sikre låg arbeidsløyse. Samtidig skulle ein «national insurance», innbetalt av personar i arbeidsdyktig alder, ytast arbeidslause, enkjer og personar som var sjuke.

Helsepolitikk vart også sterkare knytt til sosialpolitikk, og rettigheitsaspektet ved helse vart forsterka mellom anna gjennom å bli slege fast som «fundamental menneskerett» av FN.

I dei fleste land har velferdsstaten vorte kritisert. Nokre hovudpoeng for kritikarane har vore at eit slikt system er særs kostbart å oppretthalde og at offentleg hjelp kan verke passiviserande for mottakarane. Dette har særleg vore tilfelle i USA, der ein ein òg hatt store velferdspolitiske løft. Under Franklin D. Roosevelt vart eit program med namnet Aid to Families with Dependent Children sett i verk i 1935. Dette programmet gav personar rett til offentlege stønadar etter behovsprøving, og vart seinare synonymt med omgrepet welfare. Velferd fekk i USA særs dårlege konnotasjonar, og omgrepet har vorte møtt med såkalla workfare-program.

Sidan 1990-åra har kritikken vorte kraftigare. Det har vorte vanleg å sjå velferdsstaten som under press frå to sider. For det første avgrensar globaliseringa fridomen nasjonale myndigheiter har for å finansiere velferdsordningar gjennom skattelegging. For det andre fører moderniseringa i samfunnet til skepsis til myndigheitene sin ekspertise og lågare oppslutnad om statlege løysingar.[2]

Skilnader mellom land[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av trygdeordningar og offentlege tilbod skil seg frå land til land. Den historiske utviklinga av ordningane vil prege både nivået på hjelp og stønader og korleis hjelpa vert fordelt mellom samfunnsgruppene.

Den norske velferdsstaten[endre | endre wikiteksten]

Den norske velferdsstaten vert gjerne rekna for å vere ei utgåve av ein meir generell «skandinavisk modell». Ikkje minst gjeld dette utforminga av trygdesystemet. Viktige prinsipp bak modellen er grunntryggleik for alle samfunnsmedlemmer og omfattande universelle ordningar under statleg ansvar. Ein finn tilsvarande kjenneteikn innan helsetenestene, der den skandinaviske modellen er særmerkt av at det offentlege både finansierer og driv størstedelen av tenestene.

Dei siste hundre åra har Noreg gått gjennom store velferdspolitiske endringar. Tida frå 1870-åra og fram til slutten av mellomkrigstida har vorte karakterisert som «sosialhjelpsstaten». I denne tida vart hjelpa fokusert mot dei med dårlegast råd. Den første trygdeordninga, ulukkesforsikringa for industriarbeidarar, kom i 1894, og trygdeetaten vart oppretta året etter under namnet «Riksforsikringsanstalten». I tiåra etter vart det oppretta trygdeordningar for fleire av dei svakare gruppene i samfunnet.

Parallelt med utviklinga av trygdeordningar vart andre sider ved velferdsstaten sette på dagsorden. Politikarane tok tak i problema kring arbeidsløyse. Rundt hundreårsskiftet vart offentlege arbeidskontor oppretta i fleire norske byar, og offentleg arbeid og naudsarbeid vart nytta for å motverke nedgangstider i arbeidsmarknaden. Det var også ei utvikling innanfor helsesektoren. Det vart utdanna fleire legar, samtidig som førebyggande arbeid, institusjonsbygging og organisert folkehelsearbeid skaut fart.

Frå siste del av 1930-åra kom prinsippet om universelle trygdeordningar sterkare fram i norske reformplanar. Under Nygaardsvold-regjeringa vart det innført alderstrygd (1936), uføretrygd (1936-1937), utvida sjuketrygd (1935-1936) og arbeidsløysetrygd (1938). Det vart òg planlagt barnetrygd. (Kjelde: B. Furre: Norsk historie 1905-1990, side 159-162).

I krigsåra 1940-1945 var Nasjonal Samling, med sosialminister Birger Meidell og seinare Johan Andreas Lippestad, ein pådrivar for å auke statlege trygdeordningar, dei innførte krigspensjon og barnetrygd[3].

Desse statlege trygdeordningane kom vidare til uttrykk i samarbeidsprogrammet etter krigen, og det vart etter kvart ei universell barnetrygd, sjuketrygd, alderstrygd og arbeidsløysetrygd. Størsteparten av dei ulike ordningane vart i 1967 samla i folketrygda. Det viktigaste unntaket er sosialhjelpa, som var ei vidareføring av dei tidlegare fattig- og forsorgslovene. Denne ordninga har vore eit kommunalt ansvar, og har halde fram som ei behovsprøvd ordning.

Eit sentralt problem for den norske velferdsstaten er ein stadig vekst i utgiftene til trygder, pensjonar og helsetenester. Den demografiske utviklinga går i retning av ein folkesetnad meld eldre snittalder. Dette inneber at det vil vere fleire personar som mottek stønad og hjelp og færre skattebetalarar med inntekt frå ordinært arbeid.

«Alternative» modellar[endre | endre wikiteksten]

Ein har tradisjonelt delt dei vestlege velferdsstatane inn i tre typar «sosialpolitiske regime». I tillegg til den skandinaviske modellen, har ein dei «konservative» velferdsstatane (Austerrike, Frankrike, Tyskland og Italia). Ordningane i desse statane har liten økonomisk fordeling mellom samfunnsgruppene, fordi stønadene vert retta mot enkeltgrupper, og ikkje alle borgarar. Den tredje kategorien, dei «liberale» velferdsstatane (USA, Canada og Australia), er kjenneteikna ved ein blanding av universelle og ikkje-universelle ordningar med eit relativt lågt nivå på stønadane.

Skilnadane mellom dei ulike landa har minska over tid. Dette er mellom anna fordi land utanfor Skandinavia har auka den delen av BNP som går til velferdsføremål. Utvidinga av EU sitt verkefelt har også ført til ei harmonisering av regelverket for sosial rettar, sjølv om velferdspolitikken i medlemslanda for det meste vert overlate til kvar enkelt stat.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stein Kuhnle (2001): «Velferdsstatens idégrunnlag i perspektiv» i Hatland, Kuhnle og Romøren (red.)
  2. Peter Taylor-Gooby m.fl. (1999): «Risk and the welfare state» i British Journal of Sociology Vol. 50 No. 2 s. 177–194
  3. http://www.dnms.no/index.php?seks_id=111727&a=1

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Aksel Hatland, Stein Kuhnle og Tor Inge Romøren (red.): Den norske velferdsstaten. Oslo: Gyldendal, 2001
  • Stein Kuhnle og Liv Solheim: Velferdsstaten: vekst og omstilling. Oslo: Tano, 1985.
  • Anne-Lise Seip: Sosialhjelpsstaten blir til. Oslo: Gyldendal, 1984.
  • Gösta Esping-Andersen: Three Worlds of Welfare Capitalism. Cambridge: Polity Press, 1990.