Velfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 65°30′2″N 12°27′50″E

Utsikt frå ferja mellom Horn og Anddalsvågen ytst i Velfjorden.
Foto: Arno van den Tillaart

Velfjorden er ein fjord i Brønnøy og Vevelstad kommunar i Nordland fylke. Han strekkjer seg 31 km søraustover til Tarmaunbotnet i enden av Langfjorden.

Fjorden har ei rekkje sidefjordrar, som Okfjorden, Storfjorden, Lislbørja, Storbørja, Sørfjorden, Heggfjorden og Langfjorden.

Velfjorden har innløp mellom Hornneset i Brønnøy i vest og Sørodden i Vevelstad i aust. Ved Hornneset ligg Horn og frå her går det ferje over fjorden til Anddalsvågen som ein del av Fylkesveg 17. Ved Okneset går Okfjorden nordaustover, medan Storfjorden går nordaustover eit stykke lenger sør ved Røyrvikodden. Eit stykke lenger inn i fjorden deler han seg i fleire greiner. Ei halvøy stikk nordover i fjorden med Sørfjorden på vestsida og Heggfjorden på austsida. Inst i Heggfjorden ligg Hommelstø, medan Velfjord ligg inst i Sørfjorden.

Aust for halvøya ligg Børjeneset og her går Lislbørja austover på nordsida, medan Storbørja ligg på sørsida. Mellom innløpa til Storbørja i aust og Heggfjorden i vest held Velfjorden fram sørover som Langfjorden.

Riksveg 76 går langs delar av vestsida av fjorden.