Velikije Luki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Velikije Luki
Великие Луки
Flagget til Velikije Luki Byvåpenet til Velikije Luki
Flagget til Velikije Luki Byvåpenet til Velikije Luki


Plassering
Velikije Luki is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Pskov oblast
Først nemnt i
Bystatus
1166
1777
Borgarmeister Lidija Golubeva
Geografi
Flatevidd
 - By

60 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

101 100
  1 685 /km²
Koordinatar 56°20′00″N 30°31′00″EKoordinatar: 56°20′00″N 30°31′00″E
Høgd over havet 100 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 182100–182115
Retningsnummer (tlf) (+7)81153
Nettstad: www.velikieluki.ru

Velikije Luki (russisk Вели́кие Лу́ки) er ein by i Pskov oblast i Russland. Han ligg ved den sterkt meanderande elva Lovat, 220 km søraust for Pskov. Bynamnet kan omsetjast som «Store Meanderar». Byen er den nest største i Pskov oblast med om lag 100 000 innbyggjarar.

Velikije Luki lufthamn ligg 7 km nordaust for byen..

Historie[endre | endre wikiteksten]

Modest Musorgskij husmuseum nær Velikije Luki.

Byen Velikije Luki vart først nemnt i ei krønike i 1166. Etter bygginga av ei festning i 1211 vart Velikije Luki ein strategisk viktig by, som forsvarte vegen inn mot Pskov og Novgorod. Han vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva av Ivan den store i 1478.

På byrjinga av 1900-talet utvikla byen seg til eit viktig jernbaneknutepunkt etter bygginga av jernbanen MoskvaRiga.

Under den andre verdskrigen, i 1941 og 1942, fann det stad intense kamper i området, mellom tyske og sovjetiske styrkar. Under slaget om Velikije Luki (seint i 1942) vart ein tysk styrke på rundt 7000 omringa i byen, som hadde vorte omgjort til ei festning. Etter månader med tunge kamper vart dei tyske styrkane til slutt utsletta i januar 1943. Som følgje av omleiringa vart byen nesten totalt øydelagd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]