Velordna mengd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei velordna mengd i matematikk er ei mengd som er ordna på ein slik måte at ei kvar delmengd har eitt minste element.

Ernst Zermelo beviste at alle mengder kan velordnast ved hjelp av det såkalla utvalsaksiomet. Mengda av naturlege tal 1, 2, 3, ... er velordna, og dette dannar grunnlaget for matematiske induksjonsbevis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«velordnet mengde – matematikk» i Store norske leksikon, snl.no.