Vendômesøyla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vendômesøyla

ArkitektJean-Baptiste Lepère, Jacques Gondouin
Kart
Vendômesøyla
48°52′03″N 2°19′46″E / 48.867469°N 2.329414°E / 48.867469; 2.329414

Vendômesøyla, Colonne Vendôme eller Colonne de la Grande Armèe, er ei 44 meter høg biletsøyle som Napoléon Bonaparte fekk reist i 1810 på Vendômeplassen (Place Vendôme) i Paris i Frankrike for å heidre seg sjølv og den krigerske framferda si. Søyla vart støypt i bronse frå 12 000 omsmelta kanonar som hadde vorte erobra frå motstandarane, og er utforma med førebilete i Trajansøyla, ei sigersøyle som den romerske keisaren Trajan hadde sett opp i Roma. På toppen av Vendômesøyla står det ein statue i antikk stil av Napoleon.

På same staden som Vendômesøla vart reist, hadde det tidlegare stått ein ryttarstatue av kong Ludvig 14.

Vendômesøyla vart velta over ende i 1871, under Pariskommunen, men reist opp att i 1875.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vendômesøyla