Vendetermometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uverne vendetermpmeter

Vendetermometer er eit oseanografisk og limnologisk termometer for å gjere temperaturmålingar i djupet. I motsetnad til vanlege analoge termometer, kan ein lese av ei temperaturmåling ved eit seinare tidspunkt. Termometeret vert snudd opp ned (vendt) ved djupna ein ønskjer å måle temperaturen i, og temperaturen vil synast heilt til termometeret vert snudd attende att. Instrumentet har vore viktig for forståinga av havstraumar og dynamikken i innsjøar, men er i dag i stor grad erstatta av elektroniske instrument.

Ofte var vendetermometeret festa til ei nansenflaske, så ein kunne ta temperaturen til vatnet der vassprøva var henta frå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]