Venera Tsjernysjova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venera Tsjernysjova
Verkeleg namn Венера Михайловна Чернышова
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 5. mars 1954 (70 år)
Perm
Idrett skiskyting
Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Venera Mikhailovna Tsjernysjova (fødd 5. mars 1954) er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Perm som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister både på 5 km og 10 km skiskyting i 1984. I same meisterskapen vann ho det fyrste av fem strake VM-gull i stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tsjernysjova vann gull i alle øvingane då den fyrste offisielle verdsmeisterskapen i skiskyting fann stad i franske Chamonix. Ho vann både 10 km, 3 x 5 km stafett, samt 5 km. Stafettgullet var det fyrste i ei ubroten rad av fem gullmedaljar for Sovjetunionen. Alle dei fem stafettgulla vann ho i lag med Kaija Parve, medan Jelena Golovina var med på tre av stafettriumfane.

Individuelt sikra Tsjernysova seg bronsen på 5 km ved VM i skiskyting 1985 i Egg i den sveitsiske kantonen Schwyz. I 1987 fekk ho sølvmedaljen på 5 km, bakom landskvinna Golovina i 1987, medan det vart ein bronse på 10 km i Chamonix i VM 1988, den siste verdsmeisterskapen der kvinnene tevla på ein annan stad enn mennene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar