Veneto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regione Veneto
Flag of Veneto.svg
Regione Veneto 3.svg
Kart som viser plasseringa til Veneto i Italia
Hovudstad Venezia
President Giancarlo Galan
Provinsar 7
Kommunar 581
Areal 18 391 km²
 - Rangering 8. (6,0 %)
Folketal (2006 est.)
 - Totalt 4 738 313
 - Rangering 5. (8,0 %)
 - Tettleik 258/km²
Heimeside www.regione.veneto.it

Veneto er ein av tjue regionar i Italia. Det ligg nordaust i landet og har 4,7 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Venezia. Regionen var ein gong hjartet i Republikken Venezia og er i dag ein av dei rikaste og mest industrialiserte regionane i landet. Den vakre naturen og kunsten og den rike historia gjer at Veneto er ein av dei mest vitja regionane i Italia med om lag 13,5 millionar turistar kvar år.[1] Språk i området er italiensk, ladinsk og venetiansk (som har vorte føreslått som offisielt språk for regionen). Grunnlova for regionen, godkjend av den italienske regjeringa i 1971, anerkjenner òg innbyggjarane som eit «folk» (popolo på italiensk).[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Veneto ligg nordaust i Italia og grensar til regionane Emilia-Romagna og Lombardia, dei autonome regionane Trentino-Alto Adige og Friuli-Venezia Giulia og Austerrike. Veneto ligg mellom Alpane og Adriahavet og av elvar som renn gjennom regionen finn vi Po, Adige, Brenta og Piave.

Provinsar[endre | endre wikiteksten]

Kart over provinsar i regionen Veneto

Veneto er inndelt i sju provinsar:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den venetiske perioden[endre | endre wikiteksten]

Mellom det andre og første tusenåret f.Kr. var regionen busett av euganeiarar. I følgje gamle historikarar kom venetarane (stundom kalla paleovenetarar[3]) frå Paflagonia i Litleasia rundt tida då Troja fall, ført av prinsen Antenor, ein ven av Aeneas. På 600- og 500-talet f.Kr. kom innbyggjarane i Veneto i kontakt med etruskarar og grekarar. Venetisk kultur nådde eit høgdepunkt på 300-talet fvt.. Desse gamle venetarane talte venetisk, eit indoeuropeisk i slekt med latin og andre italiske språk. Samstundes hadde venetarane framgang gjennom handel med rav og var velkjende for hestane dei avla. Este, Padova, Oderzo, Adria, Vicenza, Verona og Altino vart venetiske kultursenter. Etter kvart byrja derimot venetarane å kle seg og ta til seg nokre av skikkane til dei keltiske naboane sine.

Den romerske perioden[endre | endre wikiteksten]

200-talet fvt. tok venetarane, i lag med cenomaniske keltarar i vest, romarane si side då dei utvida riket sitt og kjempa mot insubrarar og boiarar. Under den andre punarkrigen (218–202 fvt.) sende venetarane til og med soldatar for å kjempe side om side med romarane mot Hannibal og dei invaderande kartagarane, og venetarane var av dei som vart slakta under slaget ved Cannae (216 fvt.). I 181 fvt. grunnla dei romerske triumviratane Publius Scipio Nasica, Caius Flaminius og Lucius Manlius Acidinus i lag med tre tusen familiar frå Samnium og Veneto ein latinsk koloni ved Aquileia som ein base for å verne området til venetarane frå invasjonar frå fiendane Carni og Istri. Frå den tid auka den romerske makta i området. I 169 fvt. vart det derfor send fleire familiar frå Roma til Aquileia. I 148 fvt. stod romarvegen Via Postumia ferdig, som gjekk frå Aquileia til Genua. I 131 fvt. opna Via Annia frå Adria til Patavium og vidare til Altinum, Concordia og Aquileia.

Gradvis fekk Den romerske republikken ei meir dominerande makt over sine allierte og etter det italiske opprøret i 91 fvt. fekk byane i Veneto, i lag med resten av Transpadania, delvis rettar som romerske borgarar etter Lex Pompeia Transpadanis. I 49 fvt. etter Lex Rubria de Gallia gav Roma fulle romerske borgarrettar til venetarane. I 46 fvt. stod vegen Via Claudia ferdig mellom Altinum, Tarvisium, Feltria og Tridentum (som i dag er Trento). Etter slaget ved Filippi i 42 fvt., som enda med den romerske borgarkrigen, vart landområda til venetarane i lag med resten av Gallia Cisalpina vart regionen X (Venetia et Istria) i lag med det moderne Friuli i ei ny eining som fekk namnet Italia. Aquileia vart hovudstaden i regionen. Under Pax Romana vart Patavium (i dag Padova) ein av dei viktigaste byane i Nord-Italia. Andre venetiske byar, som Opitergium (i dag Oderzo), Tarvisium (i dag Treviso), Feltria (i dag Feltre), Vicetia (i dag Vicenza), Ateste (i dag Este) og Altinum (i dag Altino) blømde og vart romanisert ved å ta til seg latinsk språk og romersk kultur. Mot slutten av det 1. århundret hadde latin til slutt erstatta venetisk språk.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Alt i 166 hadde quadarane og marcomannarane i løpet av korte periodar invadert Venetia. På 400-talet herja både gotaren Alarik I og hunaren Attila i området. Attila omleira Aquileia og la byen i ruinar i 452. Mange av innbyggjarane på fastlandet trekte ut til dei tryggare lagunane i nærleiken, som seinare vart Grado i aust og Venezia meir mot vest. Etter hunarane drog bort frå området kom austgotarane og ikkje berre invaderte landet, men slo seg òg ned her. På midten av 500-talet gjenerobra Justinian Venetia for Austromarriket. Ein eksark vart grunnlagd i Ravenna medan det vart oppretta ein militær tribun ved i Oderzo. Det austromerske styret varte ikkje lenge. Frå 568 kom lombardarar over Dei juliske Alpane og desse delte opp Venetia i fleire len som vart styrt av germanske hertugar og grevar (og skilde i praksis Veneto frå Friuli). Invasjonen førte til at enno fleire emigrerte frå fastlandet til dei kystområda og øyane som austromarane kontrollerte. I 667 erobra lombardarar den austromerske basen ved Oderzo og tok i praksis over heile Veneto (og Friuli) bortsett frå Venezia og Grado. Dei 36 lombardiske hertugdøma inkluderte mellom anna Ceneda, Treviso, Verona og Vicenza, og i dag kan ein framleis sjå restar etter det lombardiske hegemoniet i stadnamn som byrjar med ordet «Farra».

Frå midten av 800-talet hadde frankarane fått politisk kontroll og fastlandet i Veneto vart ein del av Det karolingiske riket. Sjølv om dei dominerte politisk vart dei inntrengande germanarane i løpet av dei neste hundreåra gradvis absorbert av den venetianske folkesetnaden. Seint på 800-talet vart Berengar, markgreve av markgrevskapet Friuli, vald til konge av Italia. I løpet av den opprørske regjeringstida hans vart markgrevskapet Friuli ein del av markgrevskapet Verona, slik at Verona sitt området innehaldt ein stor del av det som i romartida var Venetia. På 900-talet vart fastlandet i Veneto fleire gonger invadert av ungarar og slavarar før det vart innlemma i Det tysk-romerske riket. Gradvis fekk kommunane på fastlandet meir makt og vart rikare. I 1167 vart Det lombardiske forbundet oppretta mellom dei venetianske byane Venezia, Padova, Treviso, Vicenza og Verona i lag med andre byar i Nord-Italia for å oppretthalde rettane sine mot Det tysk-romerske riket. Freden i Constance i 1183 stadfesta freden i Venezia frå 1177 der byane avtalte at dei skulle vere ein del av riket så lenge styret deira over sine eigne område ikkje vart krenkt. Forbundet vart oppløyst då keisar Fredrik II døydde i 1250. I denne perioden vart det nest eldste universitetet i Italia grunnlagd, Universitetet Padova i 1222.

Serenissima: Republikken Venezia[endre | endre wikiteksten]

Sidan barbarar ønskte rikdomen på fastlandet søkte ein del av innbyggjarane tilflukt på nokre av dei isolerte og tomme øyane i lagunen, der byen Venetiae eller Venezia vart grunnlagd. Etter Austromarriket forsvann frå området på 700-talet vart Venezia ein sjølvstendig maritim republikk styrt av ein folkevald doge.

Republikken viste seg etter kvart som ei kommersiell stormakt utover i mellomalderen og renessansen. Faktisk varte Den venetianske republikken i 1100 år med område fleire stader i Middelhavet. På 1500-talet styrte Republikken Venezia over Veneto, Friuli, delar av Lombardia og Romagna, Istria, Dalmatia, Dei joniske øyane Kérkyra, Kefaloniá, Itháki og Zákynthos. Frå 1200- til 1600-talet styrte dei over øya Kreta, og frå midten av 1400-talet over øya Kypros.

Områda på fastlandet førte til at Venezia vart involvert i europeisk, og særleg italiensk, politikk. Byane måtte forskansast og eit imponerande døme er Palmanova i Friuli. Dei austlege øyane fungerte som nyttige hamner for venetiansk handel. Det osmanske riket vart samstundes mektigare og meir aggresivt og Venezia måtte ofte forsvare seg. Den osmanske kontrollen over det austlege Middelhavet og oppdaginga av sjøvegane til Asia rundt Afrika og til Amerika svekka den venetianske økonomien.

Sjå òg:

Dei franske og austerriksk-ungarske periodane[endre | endre wikiteksten]

I 1797 invaderte Napoleon området til Republikken Venezia. Dette førte til at dogen Ludovico Manin gjekk av og trekte seg tilbake til villaen sin i Passariano i Friuli og den tusen år gamle republikken forsvann. Dette var særs upopulært hos byane på fastlandet som sympatiserte med Republikken Venezia. Mange stader prøvde bøndene aktivt å gjere motstand mot franskmennene som arrogant hevda dei skulle frigjere bøndene. Etter Campoformio-traktaten 17. oktober 1797 vart ein del av det venetianske fastlandet avstått til Austerrike-Ungarn og ein vestleg del vart annektert av Den cisalpinske republikken.

Området vart snart tatt tilbake av Napoelon i 1801, men etter nederlaget hans vart det gjeve tilbake til Austerrike igjen. Veneto vart verande austerriksk, bortsett frå enkelte byar i 1848, fram til det vart annektert av Kongedømet Italia.

Den italienske perioden[endre | endre wikiteksten]

I 1866 etter samlinga av Italia og den tredje sjølvstendekrigen vart Veneto annektert. Etter ei kontroversiell folkeavstemming vart det okkupert av italienske troppar kalla Carabinieri. I eit forsøk på å «italianisere» folkesetnaden vart dei venetianske dialektane forbode, medan folk sine etternamn og stadnamn vart endra.

På grunn av tilhøva som den nye italienske regjeringa førte med seg emigrerte mange innbyggjarar frå Veneto på 1800-talet. Hundretusenvis av venetianarar tok det vanskeleg valet å reiste frå heimlandet og til Rio Grande do Sul i Brasil, Chipilo i Mexico og andre delar av Sør-Amerika, Australia, Canada og USA.

Den første verdskrigen starta kort tid etter den venetianske paven St. Pius X døydde. Etter Italia kom med i krigen vart Veneto ei stor frontsone. Flaum på Posletta spelte ei stor rolle i den italienske sigeren i slaget ved Vittorio Veneto, som vart utkjempa mellom 24. oktober og 3. november 1918 og som var eit stort vendepunkt i krigen.

Etter den andre verdskrigen vart tradisjonelt jordbruk, handel og industri blanda og dei økonomiske tilhøva betra seg kraftig.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Mange emigrerte framleis frå Veneto fram til 1970-åra, men mange utlendingar emigrerte til Veneto under den industrielle veksten i 1980-åra. I 2006 bur det 320 793 emigrantar i Veneto, som er 6,7 % av det totale folketalet i regionen.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste innbyggjarane i Veneto talar vanleg italiensk, men ein finn òg mange lokale dialektar av venetiansk. Kvar av dei venetianske dialektane kjem frå latin som venetarar talte med lånord frå dei germanske inntrengarane. Dei venetianske dialektane vert klassifisert som eit italiensk-vestleg romansk språk. Ladinsk vert tala i delar av provinsen Belluno.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet er kontinentalt på slettene og mildare rundt adriahavskysten, rundt Gardasjøen og i dei opne åsområda. Vinteren er ofte sur dei fleste stader på grunn av nordaustleg vind og i fjella kan temperaturane kome ned mot -35 °C på stader som Marcesina, 1500 moh, nær Asiagoeller Cansiglio i Belluno-området (900 moh). Kystområda med Venezia er noko mildare enn den indre sletta, men er ofte dekt av tjukk tåke. Det er vanlegvis mykje snø i fjella, og sjølv om sommaren kan det kome snø på dei høgaste toppane. Det kjem generelt lite nedbør på dei lågare slettene (750 mm i året), men i dei bellunesiske føralpane, nær Pasubio og på Asiago-platået kan det kome over 3000 mm i året.

Turistattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Venetoregionen er ein av dei største turistdestinasjoane i Europa med om lag 13,5 millionar turistar kvart år.

Kunstbyane[endre | endre wikiteksten]

Markusplassen i Venezia
Ein kjend arena i Verona der det om somrane er opera- framsyningar

Venezia er den unike byen som er bygd i Venezialagunen med alle kanalane og flotte bygningar og er særs rik på kunst, historie og kultuir. Venezia og lagunen er ein del av verdsarvlista til UNESCO.

Verona er kjend for det mest kjende kjærasteparet i historia, Romeo og Julie. Det er ein av dei byane som best har bevart den kunstneriske arva i Italia. Verona er òg ein verdsarvstad. Verona has been named a UNESCO world heritage site.

Padova, òg kjend som Helgenbyen, er ein by med rik kultur og historie, som har vore økonomisk viktig opp gjennom histoiren. Her er Orto botanico di Padova på verdsarvlista til UNESCO.

Vicenza er ein verdsarvstad med mange palladinske villaer.

Belluno er den viktigaste byen i Dolomittane

Belluno er den viktigaste byen i Dolomittane. Kyrkjetårnet er teikna av arkitekten Filippo Juvarra

Montagnana er ein kommune i provinsen Padova med godt bevarte bymurar frå mellomalderen.

Bassano del Grappa er kjend for trebruene eller Ponte degli Alpini over elva Brenta, teikna av arkitekten Andrea Palladio i 1569.

Punta San Vigilio

Gardasjøen har eit mildt middelhavsklima og har vore ein feriestad sidan romartida. Området er eit stort turistområde og av feriestader rundt innsjøen finn ein Lazise, Cisano, Bardolino, Garda, Torri del Benaco og Malcesine.

Cortina d'Ampezzo er eit fjellområde i Belluno kjend for dei eksklusive hotella og butikkane. Staden var vertskap for vinter-OL 1956 og mange reiser her for å drive vintersport. Like nord for byen ligg Tre Cime di Lavaredo, eit symbol på Dolomittane.

Kjende folk frå Veneto[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Regione Veneto: Statistikkreport 2007: Turisme
  2. Den italienske regjeringa si godkjenning av den lokale grunnlova
  3. [2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Veneto

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Flag of Italy.svg
Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto

Koordinatar: 45°30′N 11°45′E