Vengjedalsmarsjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vengjedalsmarsjen var ein turmarsj som vart arrangert i Vengjedalen i bygda Isfjorden i Rauma kommune. Vengjedalsmarsjen vart arrangert 18 gonger kvart år ved jonsoktider frå 1992. Det siste året marsjen vart arrangert var i 2010. Lengdene var 5, 10 og 12 km.

På det meste hadde marsjen over 300 deltakarar kvart år. Isfjorden Marsjklubb var arrangør.

Både Romsdalsmarsjen og Isfjordsmarsjen gjekk på same tida slik at tilreisande deltakarar kunne delta i alle tre turmarsjane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]