Venlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Venlo
Rådhuset i Venlo
Rådhuset i Venlo
Flagget til Venlo Byvåpenet til Venlo
Flagget til Venlo Byvåpenet til Venlo


Plassering
Plassering av  Venlo
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Limburg
Borgarmeister Hubert Bruls
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

86,41 km²
  84,66 km²
  1,75 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

91 990
  1 087/km²
Koordinatar 51°22′″N 6°10′″EKoordinatar: 51°22′″N 6°10′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.venlo.nl


Venlo er ein kommune og by i Nederland i provinsen Limburg med om lag 90 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Maas.

I 2003 vart kommunane Tegelen og Belfeld ein del av Venlo. Tegelen var opphavleg ein del av hertugdømet Jülich for fleire hundre år sidan, medan Venlo var ein del av hertugdømet Geldern.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Venlo har ei historie som går tilbake til romartida. Venlo utvikla seg som ein viktig handelspost langs elva Maas og var eit medlem av Hansaen. Han fekk byrettar i 1343. Blerick, som ligg på andre sida av elva vart grunnlagd av romarane som Blariacum.

Sidan han var strategisk viktig var Venlo omleira fleire gonger. Den viktigaste omleiringa skjedde i 1702 og var utført av Menno van Coehoorn. Etter dette vart Venlo innlemma i Dei sameinte Nederlanda og vart seinare ein del av Kongedømet Nederland.

9. november 1939 vart to britiske agentar kidnappa av Sicherheitsdienst i det som har vorte kalla Venlo-tilfellet. Hendinga vart nytta av nazistane til å knyte Storbritannia til Georg Elser sitt mislukka attentatsforsøk på Adolf Hitler ved Burgerbraukeller to dagar tidlegare og rettferdigjorde invasjonen deira av Nederland, eit nøytralt land, den 10. mai 1940.

Sidan Venlo hadde både veg- og jernbanebru over Maas vart han utsett for kraftige bombeåtak mot slutten av krigen. Dei allierte trengde 13 forsøk på å øydelegge bruene og om lag 300 menneske mista livet i åtaka. Fleire historiske bygg gjekk òg tapt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Venlo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]