Venstre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den politiske retninga, sjå venstresida. For andre tydingar, sjå venstre (fleirtyding).
Venstre
Partileiar: Trine Skei Grande
Foto: Partilogoen
Oppretta: 1884
Ideologi: Sosialliberalisme
Farge: Lysegrøn
Hovudkontor: Møllergaten 16
0179 Oslo
Epost: venstre@venstre.no
Nettstad: http://www.venstre.no/
Ordførarar: 8 (2003)
Kommunestyrerepresentantar: 551 (2007)
Fylkestingsrepresentantar: 37 (2007)
Stortingsrepresentantar: 10
Medlemstal: 8544 (2009)
Ungdomsorganisasjon: Unge Venstre
Partiavis: liberal.no
Internasjonal tilknyting: Den liberale internasjonale
Europeisk tilknyting: Det Europeiske Liberaldemokratiske- og Reformpartiet
Les òg: Norsk politikk
Norske parti
Norske røystingar

Venstre er eit sosialliberalt politisk parti i Noreg. Venstre er det eldste politiske partiet i Noreg, og vart grunnlagd i 1884. Leiaren for partiet har sidan 2010 vore Trine Skei Grande. Ved stortingsvalet 2005 fekk Venstre 5,9 % av røystene og ti representantar på Stortinget. Sidan det valet er Venstre i opposisjon. Ved Stortingsvalet 2009 fekk partiet 3,9% av røystene, fall under sperregrensa, og måtte nøye seg med berre to mandat på tinget til 2013, eitt frå Oslo og eitt frå Akershus. Lars Sponheim, den dåverande leiaren for partiet, tapa setet sitt for Hordaland på stortinget, og gjekk av som partileiar.

Venstre er medlem av Den liberale internasjonale og det Europeiske Liberaldemokratiske- og Reformpartiet.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Venstre reknar seg sjølv som eit sentrumsparti. Gjennom tidene har partiet deke del i både breie borgarlege koalisjonsregjeringar og reine sentrumskoalisjonar. Frå 2001 til 2005 tok partiet del i regjeringa Bondevik II, ei koalisjonsregjering med Høgre og Kristeleg Folkeparti. Etter at denne regjeringa fall ved stortingsvalet 2005 har Venstre vore i opposisjon. Partiet sin ideologi framhevar fridom for individet, kombinert med eit sosialt ansvar. Sidan tidleg på 1970-talet har miljøvern vore den politiske hovudsaka til partiet. I dei siste valkampane har Venstre fokusert på miljøvern og tilhøva for små og mellomstore bedrifter. Venstre går òg inn for friare arbeidsinnvandring, avskaffing av statskyrkja, ein flatare skatt og større lokalt sjølvstyre. På landsmøtet i 2005 vedtok partiet med minst mogleg margin å framleis vera motstandar av norsk medlemskap i EU. I staden går Venstre inn for framhald av EØS-avtalen.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Leiar for partiet, sidan 2010, er Trine Skei Grande. På landsmøtet 17. april 2010 vart dessutan Helge Solum Larsen vald til fyrste nestleiar og Ola Elvestuen vart andre nestleiar. Desse vert valde på landsmøte annakvart år. Venstre si stortingsgruppe tel to representantar. Parlamentarisk leiar er Trine Skei Grande.

Ungdomsfylkinga til partiet heiter Unge Venstre. Knytt til partiet er òg ei kvinnefylking, Venstrekvinnelaget, og eit studentlag, Liberale Studentar.

Medlemsavisa til Venstre heiter liberal.no. Fram til 1970-talet var Dagbladet, Bergens Tidende og fleire andre aviser nært knytte til Venstre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunnlegging[endre | endre wikiteksten]

Venstre vart danna i 1884 som eit resultat av striden om innføring av parlamentarisme i Noreg. Venstre vart danna av dei politiske kreftene som gjekk inn for parlamentarisme, i motsetning til Høgre, som var dei kreftene som gjekk imot. Då kampen for parlamentarismen var vunnen vart leiaren av Venstre, Johan Sverdrup, den første norske statsministeren som vart utpeika på grunnlag av å ha fleirtalet i Stortinget bak seg. Men den breie koalisjonen som Venstre i realiteten var heldt ikkjie saman lenge. I 1888 braut store delar av partiet, som var assosierte med leikmannskristne rørsler og leidde av predikanten Lars Oftedal, ut og danna Moderate Venstre. Dette vart det fyrste av mange splittingar i Venstre si soge.

I perioden frå 1884 til mellomkrigstida veksla Venstre og Høgre på å ha regjeringsmakta i landet. Venstre gjekk i denne tida inn for mellom anna allmenn røysterett for menn, som vart oppnådd i 1898, oppløysing av unionen med Sverige, som skjedde i 1905, og allmenn røysterett for kvinner, som vart gjennomført i 1913. Venstre har hatt seks statsministrar, den siste var Johan Ludwig Mowinckel, som gjekk av frå sin tredje og siste periode som statsminister i 1935.

Minskande oppslutning[endre | endre wikiteksten]

Med Arbeidarpartiet sin vekst mista Venstre gradvis røyster blant arbeidarklassa. Tidleg på 1900-talet mista partiet òg den mest konservative fløya til Samlingspartiet og Frisindede Venstre. Stortingsvalet i 1915 var det siste der Venstre, under Gunnar Knudsen, vart det største partiet, og vann reint fleirtal på Sitortinget. Venstre vart ytterlegare svekka med danninga av Bondepartiet i 1920. Sjølv om Bondepartiet ikkje var eit reint utbrytarparti frå Venstre, tok partiet brorparten av veljarane sine frå tidlegare Venstre-veljarar. I 1933 vart òg utbrytarpartiet Kristeleg Folkeparti danna etter nominasjonsstrid i Venstre i Hordaland. Då dette vart eit landsdekkjande parti etter andre verdskrigen gjekk det ytterlegare ut over Venstre sin oppslutnad.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Venstres Hus i Møllergata i Oslo; arkitekt Knut Knutsen (1954)

Venstre var lenge skeptisk til å ta del i forpliktande samarbeid med Høgre, men i 1963 vart partiet for første gong med i ei koalisjonsregjering med Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Regjeringa Lyng sat berre nokre veker, men før stortingsvalet 1965 gjekk Venstre til val på ei ny borgarleg koalisjonsregjering. Valet gav framgang for Venstre, for første gong på lenge, og førte til danninga av den borgarlege samarbeidsregjeringa Borten.

På 1960-talet utvikla det seg etter kvart store spenningar mellom det ein kan kalla radikale og moderate fløyer i partiet. Dei radikale, som mellom anna var forbunde med avisa Dagbladet og dominerte i Unge Venstre, var skeptiske til samarbeid med Høgre. Unge Venstre vedtok mot slutten av 1960-talet årvisse resolusjonar der dei oppmoda til å gå ut av Borten-regjeringa. Dei radikale var dessutan motstandarar av norsk medlemskap i EEC. Leiaren frå 1952 til 1964, Bent Røiseland, høyrde til den moderate delen av partiet og stod sterkt bak deltakinga i Borten-regjeringa. Dei moderate var òg til dels sterke tilhengjarar av norsk EEC-medlemskap. I 1964 tok den radikale Gunnar Garbo over som leiar, men gjekk av i 1970 etter eit dårleg valresultat ved stortingsvalet 1969. Ny leiar vart EEC-tilhengjaren Helge Seip. Då EEC/EF-striden tok av for fullt tidleg på 1970-talet engasjerte framveksande Venstre-politikarar seg sterkt på begge sider. Då regjeringa Bratteli gjekk av etter folkeavrøystinga vart det danna ei rein nei til EF-regjering under Lars Korvald. Landsstyret i Venstre vedtok å gå med i denne regjeringa, sjølv om fleirtalet (9 av 13) i stortingsgruppa var EF-tilhengjarar og gjekk imot deltaking i regjeringa. Resultatet vart det ekstraordinære landsmøtet på Røros. Etter at det vart klart at dei var i mindretal i Venstre forlét ja-folka landsmøtesalen, leidde av Helge Seip og Bent Røiseland, den 11. november 1972. Dei danna seinare Det Nye Folkepartiet.

Det påfølgjande stortingsvalet 1973 vart ein katastrofe for Venstre, som fekk stortingsgruppa si redusert til to representantar. Året etter, i 1974, vart Venstre det første partiet i Noreg som fekk ein kvinneleg partileiar, Eva Kolstad.

Etter at den moderate fløya hadde gått ut av partiet freista Venstre å markera seg klarare som eit sentrumsparti, som ikkje automatisk høyrde til verken venstre- eller høgresida i politikken. Partiet styrkte òg ein grøn profil, miljøsaka vart den viktigaste enkeltsaka. Ved stortingsvala i 1973, 1977 og 1981 gjekk Venstre til val utan å binda seg til eit bestemt regjeringsalternativ på førehand. Før stortingsvalet 1985 vedtok partiet for første gong å gå til val på eit regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet. Ved dette valet ramla Venstre for første gong heilt ut av Stortinget, og partileiaren, Odd Einar Dørum gjekk av.

Før stortingsvalet 1989 plasserte Venstre seg på nytt i den borgarlege leiren, og gjekk til val på eit sentrum-høgre samarbeid. I 1988 vart partiet slått saman igjen med dei gamle utbrytarane i Det Liberale Folkepartiet. Likevel makta Venstre ikkje å koma tilbake på Stortinget før i 1993. Då vart Lars Sponheim vald inn på Stortinget frå Hordaland. Ved EU-strida før folkeavrøystinga i 1994 gjekk Venstre mot EU-medlemskap, men for EØS-avtalen. I 1996 vart Sponheim vald til ny leiar, og året gjekk etter gjekk Venstre til val med målsetjing å delta i ei sentrumsregjering, saman med Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Ved stortingsvalet 1997 kom Venstre over sperregrensa med 4,5 % av røystene, og vart med i sentrumsregjeringa, som sat til 2000. Ved stortingsvalet 2001 var målsetjinga under valkampen å gjenreisa sentrumsregjeringa, men då alle tre sentrumspartia gjekk tilbake ved valet vart dette umogleg. Venstre gjekk istaden inn i den andre Bondevikregjeringa saman med Høgre og Kristeleg Folkeparti. Partiet fekk berre to stortingsrepresentantar men fekk tre statsrådar i regjeringa. Under valkampen i 2005 framheva Venstre partiet si nøkkelrolle for at Bondevikregjeringa skulle bli sitjande. Valet vart ein stor suksess for Venstre, med 5,9 % av røystene og 10 stortingsrepresentantar, det beste valresultatet sidan 1969. Regjeringa fall likevel, og Venstre er sidan valet i opposisjon. På landsmøtet i 2006 vart Lars Sponheim attvald som leiar for to nye år. I stortingsvalet 2009 fekk Venstre berre 3,9% av røystene, og under valvaka offentleggjorde at han kjem til å gå av som leiar våren 2010.

Partileiarar[endre | endre wikiteksten]

Statsministrar frå Venstre[endre | endre wikiteksten]

Koalisjonsregjeringar som Venstre har tatt del i[endre | endre wikiteksten]

Oppslutning[endre | endre wikiteksten]

Oppslutninga om Venstre i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2009

Venstre har tradisjonelt stått sterkast på Vestlandet, men dette ser ut til å vera i ferd med å endra seg. Ved dei siste seks stortingsvala før 2005 var Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal dei beste fylka for partiet. Ved stortingsvalet i 2005 vart for første gong Oslo det beste fylket til Venstre, med Akershus på andreplass, og dette gjentok seg òg i 2009. Dei to einaste stortingsrepresentantane til Venstre vart då valde inn frå Oslo og Akershus.

Oppslutning ved stortingsval 1906–2009[endre | endre wikiteksten]

Årstal Prosent av røystene Tal stortingsrepresentantar
1906 45,4% 73
1909 30,7% 46
1912 40,2% 76
1915 33,3% 74
1918 28,3% 52
1921 20,1% 37
1924 18,7% 34
1927 17,3% 30
1930 20,2% 33
1933 17,1%¹ 24
1936 16,0% 23
1945 13,8% 20
1949 13,5%² 21
1953 10,0% 15
1957 9,6%² 15
1961 8,9%² 14
1965 10,3%² 18
1969 9,4% 13
1973 3,5%² 2
1977 3,2%² 2
1981 3,9%² 2
1985 3,1% 0
1989 3,2% 0
1993 3,6% 1
1997 4,5% 6
2001 3,9% 2
2005 5,9% 10
2009 3,9% 2
2013 5,2% 9

¹ Omfattar fellesliste med Radikale Folkeparti i Hedmark.
² Venstre tok del i felleslister med eit eller fleire av partia Bondepartiet/Senterpartiet, Det Nye Folkepartiet, Høgre eller Kristeleg Folkeparti, dette talet er eit anslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.

Oppslutning ved fylkestingsval 1928–2007[endre | endre wikiteksten]

Årstal Prosent av røystene
1928 10,0%
1931 11,6%
1934 11,6%
1937 11,1%
1945 8,0%
1947 9,4%
1951 9,4%
1955 8,5%
1959 8,9%
1963 8,4%
1967 9,8%
1971 8,5%
1975 3,8%
1979 5,3%
1983 4,4%
1987 3,3%
1991 3,5%
1995 4,7%
1999 4,2%
2003 3,7%
2007 5,6%
2011 5,7%

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ottar Grepstad og Jostein Nerbøvik (red.) – Venstres Hundre År (Gyldendal, 1984)
Politiske parti i Noreg
Sosialistisk venstreparti Arbeidarpartiet Senterpartiet Venstre Kristeleg folkeparti Høgre Framstegspartiet
Abort-motstandernes liste | Demokratane | Kristent samlingsparti | Kystpartiet | Det liberale folkepartiet (DLF) | Miljøpartiet Dei Grøne | Naturlovpartiet | Norges kommunistiske parti (NKP) | Pensjonistpartiet | Raudt | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet | Sentrumsalliansen