Venstreforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Venstreforbundet (fi. Vasemmistoliitto, Vas.) er det sosialistiske venstrepartiet i Finland. Det blei skipa i 1990, etter at tanken om eit nytt venstreparti var lansert alt i 1987. Grunnleggjarane av partiet var det Demokratiske Forbundet for Finlands Folk, det Demokratiske Forbundet av Finske Kvinner og fleirtalet i det finske kommunistpartiet SKP. Desse oppløyste seg alle i Venstreforbundet.

Leiaren i Venstreforbundet er Suvi-Anne Simes. Det har ho vore sidan 1998.

Oppslutninga om partiet har lege stabilt rundt 10 prosent ved parlamentsvala heilt sidan starten.

Venstreforbundet er med i det nordiske venstrepartisamarbeidet Nordic Green Left Alliance.

Heimesidene til partiet, med noko stoff på svensk og engelsk, finn du her: [1]