Venstrepartiet dei grøne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venstrepartiet dei grøne

LandIsland
Partileiar(ar)Katrín Jakobsdóttir
Grunnlagt6. februar 1999
Medlemstal5 000
Ideologidemokratisk sosialisme, feminisme, grøn ideologi, grøn sosialisme, pasifisme, euroskeptisisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-venstre, venstresida

Venstrepartiet dei grøne (Vinstrihreyfingin – grænt framboð) er det sosialistiske partiet på Island. Partiet, med forkortinga VG, blei skipa 6. februar 1999 som ein freistnad på å sameine venstresosialistar og miljøaktivistar framfor valet det året.

Da hadde det ei tid vore gjort freistnader på ei brei sameining av folk frå Alþýðubandalagið (Folkealliansen), Alþýðuflokkurinn (Sosialdemokratane), Kvennalistin (Kvinnelista) og Þjóðvaki (ei utbrytargruppe frå sosialdemokratane) i eitt samla parti, men det lukkast ikkje.

Endskapen på drøftingane om ulike alternativ for samling av venstrekreftene blei å skipe ei ny politisk rørsle, bygd på strid for sosial rettferd, sjølvstendig utanrikspolitikk og miljøvern. Partiet fekk 9,1 prosent av røystene og 6 medlemer av Alltinget. Ved valet i 2003 gjekk det litt tilbake, fekk 8,8 prosent av røystene og 5 medlemer av Alltinget. Ved valet i 2007 gjekk VG derimot mykje fram, fekk mesta 15 % av røystene og 9 medlemer innvalde i Alltinget. Valet i 2009 gav ny framgang, med 21,7 % av røystene og 14 alltingsmandat. Resultatet var likevel svakare enn dei fleste meiningsmålingane før valet, som gav partiet opp under 30 % oppslutnad. Venstrepartiet vart det tredje største partiet på det nye Alltinget.

Partiet er med i det nordiske venstrepartisamarbeidet Nordic Green Left Alliance, ilag med mellom andre norske SV.

Valresultat[endre | endre wikiteksten]

Val Røyster % Mandat
1999 15 115 9,1 % 6
2003 16 129 8,8 % 5
2007 26 136 14,3 % 9
2009 40 580 21,7 % 14


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]