Ventotene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ventotene
Piazzo Castello på Ventotene
Piazzo Castello på Ventotene
Geografi
Pontine Islands map.png
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 40°48′N 13°26′EKoordinatar: 40°48′N 13°26′E
Øygruppe Dei pontinske øyane
Areal 1,54 km²
Høgaste punkt Monte Guardia (280 moh.)
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Lazio
Latina
Demografi
Folketal 633
Folketettleik 411 /km²

Ventotene er ei øy i Tyrrenhavet utanfor kysten av Campania i Italia. Ho høyrer til Dei pontinske øyane og har vulkansk opphav. I romartida vart ho kalla Pandataria og Pandateria. Ho er òg ein kommune i provinsen Lazio. Øya er avlang og er 3 km lang og opp til 800 meter brei. Santo Stefano ligg 2 km mot aust og Ponza 40 km mot vest.

Kommunen med same namn har 633 innbyggjarar. Ho inkluderer òg øya Santo Stefano der det ligg eit gamalt, nedlagd fengsel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya er best kjend som stad der keisar Augustus forviste dottera si Julia den eldre til i år 2 f.Kr., på grunn av hennar omfattande utruskap. Her var ho i fem år. Keisar Tiberius forviste òg grandniesa Agrippina den eldre i år 29 der ho omkom, truleg av feilernæring, 18. oktober år 33. Etter Agrippina sin son Gaius (betre kjend som Caligula) vart keisar i år 37 reiste han til Pandataria for å hente leivningane hennar og førte dei tilbake til Roma. Agrippina si yngste dotter, Julia Livilla vart òg send i eksil til Pandateria. Ho vart deportert til øya etter ordre frå onkelen hennar, keisar Claudius, etter press frå kona hans Messalina i år 41. Ei stund seinare svalt ho i hel her og leivningane hennar vart truleg ført tilbake til Roma då syster hennar, Agrippina den yngre fekk innflyting som kona til keisaren. Claudia Octavia, den første kona til keisar Nero, vart forvist til Pandateria i år 62 og avretta etter ordre frå mannen hennar.

Byen sett frå hamna.

Dette er òg øya der St. Flavia Domitillia vart forvist til. Ho har gjeve namn til katakombane i Roma er kalla opp etter og ho gøymde mange helgenar eller fann leivningane til dei som vart martyrdrepen. Ho var barnebarnet til keisar Vespasian og kan ha døydd her.

Ein fangeleir vart oppretta her under Huset Bourbon og tatt i bruk igjen under Mussolini då opp til 700 motstandarar, inkluder 400 kommunistar, vart sett her mellom 1939 og 1943. Ein av dei var Altiero Spinelli, som skreiv ein tekst i dag kalla «Ventotenemanifestet», som la fram idéen om eit europeisk forbund etter krigen.

Under den andre verdskrigen hadde øya ein tysk garnison på 114 mann som forsvarte ein viktig radarstasjon. Natt til 8. september 1943.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ventotene

Kjelder[endre | endre wikiteksten]