Venus frå Willendorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Venus av Willendorf

Venus av Willendorf er ein 11.1 cm høg såkalla venusfigur, ein liten kvinnefigur frå steinalderen, skoren ut av ein type kalkstein som ikkje finst i dette området, og farga med raud oker. Ein reknar med at han blei laga for 22 000 til 24 000 år sidan.

Figuren vart funne på staden for eit gamalt teglverk nær Willendorf i distriktet Neunkirchen i delstaten Niederösterreich i Austerrike i 1908 av arkeologen Josef Szombathy, og er no utstild i Naturhistorisches Museum i Wien. Tidfestinga til om lag 23000 år før vår tidsrekning vart gjort på grunnlag av arkeologiske granskingar av lagdelinga (stratigrafien) i jord- og leirmassane i området der figuren var teke ut.

Figuren er ikkje meint å vera ei realistisk skildring, men snarare ei idealisering av ei særs fruktbar kvinne. Difor har ho forstørra mage, bryst og vulva, medan armane er små og folda over brysta. Fjeset er skjult av noko som kan vera fletter, auger eller eit slags hovudplagg.

Meiniga med «Venusfigurane»[endre | endre wikiteksten]

Venus frå Willendorf er berre eit av fleire funn av små kvinnefigurar frå eldre steinalder. Tydelegvis kan ikkje slik små kvinneskulpturar ha vore nyttegjenstandar i vanleg meining, og kva dei vart brukt til i si tid, er ukjend. Dei kan ha hatt med seremoniar eller kult å gjere ved å ha representert dei fruktbare kraftene som kvinnene i ætta eller folkegruppa stod for, eller dei kan ha vore bilete av gudinner som fremja dei fruktbare kraftene blant både menneske og dyr, og i naturen i det heile. Dei frodige formene kan tolkast som uttrykk for at den fyldige kvinna var rekna som eit ideal, ettersom ei fyldig kvinne var provet på at gruppa hadde rikeleg tilgang til føde, og soleis kunne ho symbolisere velstand og det gode liv for heile gruppa. Men av di figurane er eldre enn framkomsten av jordbrukskulturane, kan dei ikkje ha vore nytta i ritual som skal fremje grøderikdom på dyrka mark.

Somme teoretikarar har òg rekna Venusfigurane som indisium på at det i eldre steinalder har vore vanleg at samfunna var ordna etter matriarkalske mønstre.

Andre «Venusfigurar» frå steinalderen[endre | endre wikiteksten]

Frå tidsperioden for den arkeologisk definerte kulturen Aurignacien:

Frå tidsperioden Gravettien (som Venus frå Willendorf er tidfesta til):

  • Venus frå Bouret (Sibir)
  • Venus frå Brassempouy (Frankrike)
  • Venus frå Dolní Věstonice (Mähren, Tsjekkia)
  • Venus frå Gagarino (Ukraina)
  • Venus frå Grimaldi (Italia)
  • Venus frå Balzi Rossi (Italia)
  • Venus frå Laussel (Frankrike)
  • Venus frå Lespugue (Frankrike)
  • Venus frå Kostenki (Russland)
  • Venus frå Mal'ta (Sibir)
  • Venus frå Moravany nad Váhom (Slovakia)
  • Venus frå Savignano (Italia)

Frå perioden Magdalénien:

  • Venus frå Monruz (Neuchâtel, Romandie i Sveits)
  • Venusfigurar frå Petersfels bei Engen (Tyskland)
  • Venusfigurar frå Gönnersdorf (Eifel, Tyskland)
  • Venusfigurar frå Andernach (Eifel, Tyskland)

Bilete av andre «Venusfigurar»[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Venusfigurar

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Venus frå Willendorf