Venusfigurar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Venus frå Laussel.

Venusfigurar er den arkeologiske fellesnemninga på ei gruppe karakteristiske småfigurar av kvinner som er funne i Europa og Asia, og som vert tidfesta til eldre steinalder. Figurane er meir eller mindre stiliserte, og vanlegvis ikkje meir enn 10 cm høge, i somme høve inntil 15 cm, og laga av stein, knoklar, elfenbein eller, som til dømes Venus frå Dolní Věstonice, av brent beinmjøltilsett leire; denne figuren representerer vissnok det eldste kjende dømet på keramikk.

Nemninga «Venusfigurar» har desse særs gamle kvinnefigurane fått etter gudinna Venus i den romerske mytologien, dels av di fagfolka på byrjinga av 1900-talet rekna med at figurane uttrykte det som hadde vore venleiksidealet for kvinner i dei forhistoriske samfunna som laga slike figurar, dels av di figurane framstilte nakne kvinner. Synet på figurane som uttrykk for eit venleiksideal har seinare vorte kritisert, og det har vore gjort framlegg om heller å nytte nemninga «kvinnefigurar» for å unngå assosiasjonar til dei eigenskapane og funksjonane som den romerske gudinna stod for, eller som ho seinare har vorte tillagt.

Den fyrste av denne typen kvinnefigurar vart funne om lag 1864 på den paleolittiske buplassen Laugerie-Basse, som låg under eit fjelloverheng (i ein hellar, abri-sous-roche på fransk) i Les Eyzies-de-Tayac-Sireuil på høgre bredda av elva Vézère i Dordogne i Frankrike, der det seinare vart grave ut 600 gjenstandar. Seinare er det kome for dagen over 200 tilsvarande figurar på ulike stader i området frå Pyreneane i Vest-Europa, til slettene ved Bajkalsjøen i Sibir i aust, med Venus frå Willendorf frå løssområda langs Donau blant dei mest kjende.

Mesteparten av Venusfigurane fylgjer etter eit relativt konformt skjematisk mønster for framstilling av dei kvinnelege karakteristika ved kvinnekroppen, med overdriven framheving av brysta, magen, hoftene, baken og kjønsorganet, medan til dømes armar, bein og hovud ofte berre er skissert eller utelate, eller utan detaljar som til dømes auge og munn. Men korkje ved kroppshaldning, ved gestar, eller på anna vis, inviterer desse figurane til seksuell aktivitet, så truleg har dei kvinnelege kraftene, ikkje kvinna som part i sjølve samleiet, vore temaet for framstillingane dersom dei har vore tillagt seremonielle eller kultiske funksjonar, og ikkje berre er å rekne som leiketøy. Då det òg er kome for dagen så skjematiske figurar at det ikkje kan fastslåast kva slags kjøn dei representerer, kan det vere krafter på eit meir abstrakt plan slik figurar står for. Mange venusfigurar har hol og spor etter slitasje som kan tyde på at dei ha vore nytta som amulettar til å bera på seg.

Venus frå Willendorf og Venus frå Laussel har spor etter oker, som er ei type farga jord som ofte vart nytta i eldre steinalder som fargestoff i måling, og som rituell farging av lika og anna i graver. Men venusfigurane er som oftast funne på buplassar, ikkje i gravleggingar; i Gagarino i Russland vart sju venusfigurar funne innanfor grensene etter ei oval hytte med over fem meter i tverrmål. I Mal’ta ved Bajkalsjøen låg venusfigurane på venstre side i restane etter hytta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Venus frå Willendorf med mellom anna oversyn over eit utval venusfigurar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Opplysningane i artikkelen baser seg mykje på eit utval frå tilsvarende artikkel på fransk Wikipedia.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Venusfigurar