Venzkebreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venzkebreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 75°0′S 134°24′W / 75.000°S 134.400°W / -75.000; -134.400
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Venzkebreen
75°00′S 134°24′W / 75°S 134.4°W / -75; -134.4
Venzkebreen is located in Antarktis
Venzkebreen (Antarktis)

Venzkebreen er ein brei isbre som flyt nordover mellom Bowyer Butte og Perry Range og ut i Getzisen på kysten av Marie Byrd Land. Isbreen vart oppdaga og fotografert frå lufta under U.S. Antarctic Service i desember 1940. Han vart kartlagt i detalj av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og U.S. Navy fotografi, 1959-66. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kaptein Norman C. Venzke, i USCG, befalshavande på USCGC «Northwind» i Antarktis, 1972 og 1973, som deltok på fleire andre Deep Freeze-operasjonar som skipsoffiser på isbrytarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Venzke Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).