Veotinden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Veotindan, nordre)
Søre Veotinden
fjell
Land  Noreg
Område Lom, Vågå (Innlandet)
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 267 moh.
Primærfaktor 140 m
Kart
Veotinden
61°34′19″N 8°31′58″E / 61.571944444444°N 8.5327777777778°E / 61.571944444444; 8.5327777777778

Veotinden er eit fjell i Jotunheimen Lom og Vågå kommune i Innlandet. Fjellet består av dei tre tindane, Nørdre, Store og Søre Veotinden og ligg mellom Veobreen i vest og Stygghøebreen i aust. Den største av desse er Søre Veotinden med ei høgd på 2267 meter over havet, noko som er det 28. høgaste i landet. Store Veotinden, stundom berre kalla Veotinden, har ei høgd på 2240 meter over havet, medan Nørdre Veotinden er 2120 meter over havet. Søre Veotinden er òg den mest markante av desse med ein primærfaktor på 140 meter.

Store Memurutinden ligg like vest for Veotinden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]