Vera Henriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vera Henriksen (fødd Vera-Margrethe Roscher Lund22. mars 1927) er ein norsk forfattar.

Henriksen vart fødd og voks opp i Oslo. I åra mellom 1946 og 1963 budde ho i USA, der ho studerte arkitektur og kunsthistorie.

Ho debuterte i 1961 med romanen Sølvhammeren, som er første del av Sigrid-trilogien. Bok nummer to, Jærtegn, kom i 1962, og den siste boka, Helgenkongen, kom året etter. Denne serien fekk stor suksess. Henriksen har også skrive sogespel, blant anna Asbjørn Selsbane og Sverdet, og dessutan sakprosa, som historia til Luftforsvaret og populærvitskaplege framstillingar av sagatidsemne.

Vera Henriksen har skrive mange bøker med handling frå mellomalderen og andre historiske epokar. Fleire av bøkene hennar tar opp den problematiske overgangen frå norrøn gudetru til kristendom.

Vera Henriksen er dotter av Alfred Roscher Lund, den første sjefen for Etterretningstenesta.

Bibliografi [endre]

  • Jarlefeiden (roman) 2003
  • Ildens sang (roman) 2002
  • Klangen av en lutt (roman) 2001
  • Veodalen (Fakta) 2001
  • Stavkjerringa (Roman) 1997
  • Luftforsvarets historie: Bind 2: Fem år i utlegd (Sakprosa) 1996
  • Luftforsvarets historie. Bind 1: Fra opptakt til nederlag (Sakprosa) 1994
  • Selja og Stad (Sakprosa) 1992
  • Skipet uten drage. Vest i havet (Ungdomsbok) 1992
  • Skipet uten drage. Månesteinen (Ungdomsbok) 1991
  • Skipet uten drage. Olav ulvunge (Ungdomsbok)1990
  • Silhuetter mot hvitt lys (Roman) 1990
  • Bodvars saga. Ravn og due (Roman) 1989
  • Mot en verdens ytterste grense. Vest for storhavet - Grønland og Vinland (Sakprosa) 1988
  • Eventyrsagaen (Barnebok) 1988
  • Rekviem for et lite dampskip (Roman) 1988
  • Under seil mot det ukjente (Sakprosa) 1987
  • Runekorset (Roman) 1986
  • Hellig Olav (Sakprosa) 1985
  • Verdenstreet. Mennesker og makt i Odins tid. (Sakprosa) 1984
  • Bodvars saga. Spydet (Roman) 1984
  • Bodvars saga. Odins ravner (Roman) 1983
  • Skjebneveven (Sakprosa) 1982
  • Med skip til lands og vanns (Sakprosa) 1981
  • Sagaens kvinner (Sakprosa) 1981
  • Kongespeil (Roman) 1980
  • Dronningsagaen (Roman) 1979
  • Riksseglet (Dramatikk) 1978
  • Skjærsild (Roman) 1977
  • Staupet (Roman) 1975
  • Sverdet (Dramatikk) 1974
  • Blåbreen (Roman) 1973
  • Asbjørn Selsbane (Dramatikk) 1972
  • Pilgrimsferd (Roman) 1971
  • Trollsteinen (Roman) 1970
  • Vargtid. Selshemnaren (Dramatikk) 1968
  • Glassberget (Roman) 1966
  • Helgekongen (Roman) 1963
  • Jærtegn (Roman) 1962
  • Sølvhammeren (Roman) 1961

Prisar [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]