Vera Nikolić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vera Nikolić

Statsborgarskap Jugoslavia, Serbia og Montenegro, Serbia
Fødd 23. september 1948
Grabovica, Despotovac
Død

28. juni 2021 (72 år)
Beograd

Yrke mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språk serbisk
Høgd 168 centimeter
Vera Nikolić på Commons

Vera Nikolić[a] (fødd 23. september 1948) er ein serbisk tidlegare mellomdistansløpar som vart europameister for Jugoslavia på 800 m både i 1966 og 1971.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Knapt 18 år gammal vann Nikolić 800 meter under EM i friidrett 1966 i Budapest på tida 2.02,8. Ho var då den yngste europameisteren i friidrett nokon gong, fyrst 20 år seinare vart denne prestasjonen kopiert av ein yngre utøvar. Den 20. juli 1968 sette Nikolić verdsrekord på 800 m i London då ho vart klokka inn på tida 2.00,5. Rekorden stod i tre år, til dess vesttyske Hildegard Falck vart den fyrste kvinna under to minuttar på 800 m.

I europameisterskapen 1969 i Aten fekk Nikolić bronsemedaljen, slått på målstreken av sølvvinnaren Anneliese Damm Olsen frå Danmark, medan Lillian Board frå Storbritannia vann ein klar siger. Derimot lukkast ho å ta eit nytt EM-gull under friidretts-EM 1971 i Helsingfors, i suveren majestet sprang ho i mål på tida 2.00,0. Seinare i 1971-sesongen vann ho både 800 m og 1500 m under Mellomhavsleikane i Izmir.

Under dei olympiske leikane i München i 1972 kom Nikolić på femteplass på 800 meter med tida 1.59,98.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Serbisk-kyrillisk Вера Николић

Kjelder[endre | endre wikiteksten]