Vera av Pink Floyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vera
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Språk engelsk
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november 1979
Sjanger Kunstrock
Lengd 1:35
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

«Vera» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet deira The Wall i 1979.

Kvinna som songtittelen refererer til er Vera Lynn, som var ein britisk songar under andre verdskrigen. Første tekststrofe, «Does anybody here remember Vera Lynn? Remember how she said that we would meet again some sunny day», refererer òg til ein av dei mest kjende songane hennar «We'll Meet Again». Dette er ein ironisk referanse sidan verken Roger Waters eller hovudrolla i The Wall, Pink, vil få møte far sin igjen, som døydde i krigen. Tekstlinja «Vera, what has become of you?» kan tyde at Vera Lynn sjølv, i lag med løftet hennar («We’ll meet again, don’t know where, don’t know when.»), har forsvunne, som igjen kan tolkast som at alt håp er ute.

Filmversjon[endre | endre wikiteksten]

Filmversjonen av songen opnar med at Vera Lynn syng «The Little Boy That Santa Claus Forgot», ein song om ein gut utan far, som Roger Waters sjølv. I tillegg kan ein på første sporet av konsertutgåva av albumet høyre «We'll Meet Again» i staden for klippet frå «Outside the Wall», som er på studioversjonen.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Opningsdialogen ein kan høyre i bakgrunnen («Where the hell are you, Simon?») har lydeffektar frå filmen Battle of Britain frå 1969.
  • På turnéen i 2006 spelte Roger Waters denne songen som ein del av ekstranummeret.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Personell per Fitch og Mahon.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, s. 96.