Veracruz i Veracruz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 19°10′20.676″N 96°8′6.6408″W

Veracruz
Byvåpenet til Veracruz
Byvåpenet til Veracruz
Styresmakter
Land
Delstat
Kommune
Mexico
Veracruz
Veracruz
Grunnlagd 22. april 1519
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2010)

552156
Diverse anna
Nettstad: www.veracruzmunicipio.gob.mx
Plassering
Plassering av  Veracruz

Veracruz er ein av dei største hamnebyane i Mexico, og ligg i delstaten med same namn. Etter Tampico og Coatzacoalcos-Minatitlán er det den største byen på den meksikanske kysten av Mexicogolfen. Han ligg 105 kilometer frå delstatshovudstaden Xalapa. Han har kring ein halv million innbyggjarar. Byen blir ofte kalla Puerto de Veracruz (Hamna Veracruz) for å skilje han frå delstaten Veracruz. Innbyggjarane blir kalla jarochos.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamnebyen vart grunnlagt av erobraren av Mexico, Hernán Cortés, då han steig i land i 1519 for å erobre landet. Han gav staden namnet La Villa Rica de la Vera Cruz; 'den rike byen av den sanne krossen'. Dette vart etterkvart hovudutskipingshamna for den spanske sølvflåten som frakta sølvet frå dei meksikanske gruvene til Spania. Òg rikdomane frå den spanske kolonien Filippinane vart frakta over Stillehavet til Acapulco, frakta over land via Mexico by til Veracruz, og så frakta over Atlanterhavet til Spania. Dette gjorde Veracruz til eit attraktivt mål for engelske og franske piratar som herja i Karibien, og i 1653 og 1712 vart byen plyndra av piratar. For å motverke truslane vart den store festninga San Juan dei Ulúa bygd på ei øy i hamna i 1565 og utvida kraftig utover i kolonitida.

Dei siste spanske styrkane etter den meksikanske sjølvstendekrigen forlét Mexico frå Veracruz i 1825. I 1838 vart byen okkupert av franskmennene.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Eit par kledd i tradisjonelle klede frå Veracruz.

Som Mexico sin viktigaste hamneby i Det karibiske havet og Atlanterhavet har Veracruz lenge trekt til seg folk frå mange ulike kulturar. Meksikanske urfolk, spanjolar og afrikanarar danna grunnlaget for kulturen, seinare kom også innvandrarar frå andre land som Italia og Cuba til. Byen er kjend for å vera livleg, med menneske og musikk på dei opne plassane til langt på natt.

Som i resten av Mexico er mais, bønner og graskar viktige matvarer, men byen bruker meir tropiske vekstar som avokado, chili, papaya og sapote òg fleire eurasiske ingrediensar som koriander, laurbær, persille, safran, timian og ris, kveite, oliven og mandlar enn det som er vanleg elles i meksikansk mat. Afrikanskætta slavar innførte ananas, sukkerrøyr og jordnøtt til å smaksetta mat, og maniok, kokebanan og søtpotet er vanleg her som elles i karibisk mat. Kjøkkenet i Veracruz er elles spesialisert på sjømat, og her blir ete cocteles, skaldyr overhelt med skarp saus, og pescado a al veracruzana, fisk i ein skarp tomatsaus.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Festninga San Juán dei Ulúa har den eldste kyrkja i Mexico, kapellet San Francisco, og ei lang rekkje murar, bastionar og historiske bygningar. Bastionen Baluarte de Santiago er ein annan del av festningane som skulle verne byen. Sentrum er sentrert rundt Zócalo, stortorget, med domkyrkja parroquía i kolonistil. Mot hamna ligg strandpromenaden Malecón, der innbyggjarane spaserer i skumringstimen. Strendene nærast byen er for forureina til å tilrådast, men lengre ut ligg det flotte strender.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Veracruz i Veracruz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]