Verbbøying i fulfulde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verbbøying i fulfulde Verbetfulfulde blir bøygd i dei åtte grammatiske kategoriane i TABELL 1. Til venstre står namna på dei grammatiske kategoriane og til høgre dei ulike grammatiske trekka i kvar kategori.

TABELL 1
Kategori Trekk
Tal (numerus) eintal (singularis), fleirtal (pluralis)
Modus indikativ, imperativ
Aspekt perfektiv, imperfektiv; habitualis, progressiv, stativ
Anterioritet anterior, ikkje-anterior
Diatese aktiv, medium; passiv
Polaritet positiv, negativ
Konjunktivitet fri, konjunkt
Emfase nøytral, emfatisk

Indikativ-formene av verbet LOOTA 'vaske' i dialekten i Fuuta Tooro er presenterte i TABELL 2, med dei formene vi finn når subjektet er ein nominalfrase. Trekka nøytral og positiv er ikkje nemnde i tabellen, men alle former som ikkje er karakteriserte som emfatiske, er nøytrale; og alle former som ikkje er karakteriserte som negative, er positive. TABELL 2 viser dessutan berre former som er ikkje-anterior. Anterior-formene er presenterte i TABELL 3.

TABELL 2
Aktiv Medium Passiv
Perfektiv Fri lootii lootiima lootaama
Perfektiv Konjunkt looti lootii lootaa
Perfektiv Emfatisk loot looti loota
Perfektiv Negativ lootaani lootaaki lootaaka
Imperfektiv Fri Habitualis lootat loototo lootete
Imperfektiv Fri Progressiv no loota no lootoo no lootee
Imperfektiv Fri Stativ no looti no lootii no lootaa
Imperfektiv Konjunkt lootata loototoo lootetee
Imperfektiv Negativ lootataa lootataako / loototaako lootataake / lootetaake
Imperfektiv Negativ Stativ lootaa lootaako lootaaka