Verden an der Aller
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Verden | |
|---|---|
| Byvåpen | Plassering |
| Styresmakter | |
| Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Niedersachsen Landkreis Verden |
| Borgarmeister | Lutz Brockmann (SPD) |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
71,58 km² |
| Innbyggjarar - By (2010) - folketettleik |
28 846 375/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 20 m |
| Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
| Diverse annan informasjon | |
| Postnummer | 27283 |
| Telefon-retningsnummer | 04231 |
| Bilnummer | VER |
| Heimeside: www.verden.de | |
Verden er ein by i Niedersachsen i Tyskland ved elva Aller. Det er det administrative senteret til distriktet Verden. Verden er kjent for den påståtte massakren på saksarane i 782, gjennomført på ordrar frå Karl den store, då 4500 saksarar skal ha vorte myrda då dei nekta å konvertere til kristendomen. Byen er òg kjend for katedralen til staden og for hesteavl.
Byen fekk byrettar i 1259 og fekk status som ein fri keisarby. Byen var sete for fyrstbiskopen og under sekulariseringa etter reformasjonen vart området eit fyrstedøme. Fyrstedømet vart først styrt i ein personalunion med den svenske krona som Bremen-Verden og frå 1715 med den hannoverske krona.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Verden an der Aller» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2010.