Verdspostforeininga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Verdenspostforeningen)
UPU-monumentet (Weltpostdenkmal) i Bern

Verdspostforeininga (fransk Union postale universelle, UPU, bokmål Verdenspostforeningen) vart etablert i Bern i Sveits i 1874 for å utvikle posttenestene mellom verdas nasjonar.

I 1947 vart organisasjonen ein særorganisasjon innanfor FN. UPU har 191 medlemsnasjonar (per 2008). FN markerer Verdenspostforeningen sin dag 9. oktober.

UPUs leiande organ mellom kongressane er Conseil d'exploition postale  (CEP), som er samansett av 40 av medlemsnasjonane.

Land som er medlem av FN, får automatisk medlemskap etter søknad, mens andre nasjonar kan bli medlemmer med støtte frå minst 2/3 av medlemmene i UPU.

Den norske medlemskapen vert administrert av Samferdselsdepartementet saman med Posten Norge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]