Verdsborgar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kosmopolitt.
Diogenes frå Sinope måla av John William Waterhouse.

Verdsborgar eller kosmopolitt (av gresk kosmos '(verds)orden' og polites 'borgar') viser til ein person som reknar heile verda som heimlandet sitt. Det kan ha ei filosofisk tyding der einkvan ikkje godtek nasjonar eller liknande inndelingar av menneskja, eller meir kvardagsleg om ein verdsvan person.[1]

Omgrepet blei skapt av den greske filosofen Diogenes frå Sinope (Kynikaren), som då han blei spurt kvar han var frå svara «eg er ein borgar av verda» (kosmopolites).[2] Sokrates hadde tidlegare sagt noko liknande då han identifiserte seg som tilhøyrande verda i staden for ein enkelt by (polis).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «verdsborgar» i Nynorskordboka., «kosmopolitt» i Nynorskordboka.
  2. Laërtius & Hicks 1925, Ⅵ:63. Compare: Laërtius & Hicks 1925, Ⅵ:72, Dio Chrysostom, Or. 4.13, Epictetus, Discourses, iii.24.66. oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. Cicero, Tusculanae Quaestiones, 5.37.; Plutarch, On Exile, 5.; Epictetus, Discourses, i.9.1. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
Spire Denne filosofiartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.