Verdscupen i sjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Verdscupen i sjakk eller Chess World Cup er namnet som Verdssjakkforbundet FIDE har gitt til fleire ulike sjakkturneringar. Turneringsform og betydning av desse turneringane har variert.

I 2000 og 2002 arrangerte FIDE "First Chess World Cup" og "Second Chess World Cup". Begge var større turneringar, men hadde ikkje noko direkte samband med Verdsmeisterskapen i sjakk. Både turneringane i 2000[1] og 2002[2] vart vunne av Viswanathan Anand.

Sidan 2005 har ei anna turnering med same namn vore ein del av kvalifiseringa til Verdsmeisterskapen i sjakk. Turneringa har blitt halden anna kvart år, i 2005 og 2007, og ein ny turnering skal haldast i 2009. Turneringa er med 128 spelarar som spelar tvekampar to og to som utslagsturnering, ei cup-turnering. Turneringsforma er såleis den same som i Verdssjakkforbundet FIDE sine VM-turneringar i åra 1998-2004.

Verdscupen i sjakk i Khanty-Mansijsk 2005 kvalifiserte 10 spelarar til kandidatturneringa i sjakk for Verdsmeisterskapen i sjakk 2007. Ein av desse 10 var Magnus Carlsen, Noreg.

Verdscupen i sjakk i Khanty-Mansijsk 2007 kvalifiserte ein spelar, vinnaren Gata Kamsky, USA for neste steg i Verdsmeisterskapen i sjakk 2009, og dei tre neste til FIDE Grand Prix for 2008-2009: Alexei Shirov, Spania, Magnus Carlsen, Noreg og Sergej Karjakin, Ukraina.

Verdscupen i sjakk 2009 vil vere ein del av kvalifiseringa for Verdsmeisterskapen i sjakk 2011. Vinnaren av turneringa skal i 2010 spele mot vinnaren av FIDE Grand Prix 2008-2009 om kven som skal møte dåverande verdsmeister til VM-kamp i 2011.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]