Verdsmeisterskapen i sjakk 2014

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regjerande verdsmeister Utfordrar
Magnus Carlsen
Magnus Carlsen
Viswanathan Anand
Viswanathan Anand
Noreg Magnus Carlsen India Viswanathan Anand
(Sluttstillinga etter 11 spilte parti) Magnus Carlsen forsvarte verdsmeistertittelen.
Fødd 30. november 1990
(23 år)
Fødd 11. desember 1969
(44 år)
Vinnar av
Verdsmeisterskapen i sjakk 2013
Vinnar av
kandidatturneringa 2014
ELO-rating: 2863 (nr. 1)[1] ELO-rating: 2792 (nr. 6)[1]

Verdsmeisterskapen i sjakk 2014 var ein tittelkamp i sjakk mellom regjerande verdsmeister Magnus Carlsen og utfordrar Viswanathan Anand (vinnar av kandidatturneringa).[2] Tittelkampen blei spelt i Sotsji i Russland, og det var satt av tre veker til hendinga, frå 7. til 28. november 2014. Formatet for kampen var «best av tolv parti», der siger gir eitt poeng, og remis gir eit halvt poeng til kvar spelar. Spelaren som først når seks og eit halvt poeng, står att som ny verdsmeister. Den 23. november avgjorde Carlsen med siger mot Anand i det ellevte partiet, og den totale poengsummen 6½ mot 4½. Det var difor ikkje naudsynt å spele alle tolv partia.

Kandidatturneringa[endre | endre wikiteksten]

Kandidatturneringa gjekk føre seg i Khanty-Mansijsk i perioden 12.–31. mars 2014. Alle spelarane møtte kvarandre to gonger, der uavgjort ga ½ poeng og seier 1. Viswanathan Anand vann turneringa, og blei dermed kvalifisert til å møte Magnus Carlsen i kampen om Verdsmeister-tittelen.

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Kriterium for deltaking Kvalifiserte deltakarar
Dei to øvst plasserte etter Verdscupen i sjakk 2013  RUS Vladimir Kramnik
 RUS Dmitrij Andrejkin
Dei to øvst plasserte i Grand Prix 2013  BUL Veselin Topalov
 AZE Shakhriyar Mamedyarov
Dei to høgst rangerte spelarane i 2012/2013  ARM Levon Aronian
 RUS Sergej Karjakin
Tapande finalist Verdsmeisterskapen i sjakk 2013  IND Viswanathan Anand
Spelar vald av kandidatturneringas organisasjonskomite.  RUS Peter Svidler

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Plass Deltakar Rating
Mars 2014
1
(VA)
2
(SK)
3
(VK)
4
(SM)
5
(DA)
6
(LA)
7
(PS)
8
(VT)
Poeng Ved lik score
Innbyrdes
oppgjer
Antal
sigrar
SBS
1  IND Viswanathan Anand 2770 ½ - ½ ½ - ½ 1 - ½ ½ - ½ 1 - ½ ½ - ½ ½ - 1 3 57,25
2  RUS Sergej Karjakin 2766 ½ - ½ 0 - 1 ½ - ½ ½ - ½ 0 - 1 ½ - 1 ½ - ½ 3 51,75
3  RUS Vladimir Kramnik 2787 ½ - ½ 1 - 0 1 - ½ ½ - ½ ½ - ½ ½ - 0 0 - 1 7 3 49,25
4  AZE Shakhriyar Mamedyarov 2757 0 - ½ ½ - ½ 0 - ½ 1 - ½ 0 - 1 1 - ½ ½ - ½ 7 2 3 48,00
5  RUS Dmitrij Andrejkin 2709 ½ - ½ ½ - ½ ½ - ½ 0 - ½ ½ - 1 0 - ½ 1 - ½ 7 2 48,50
6  ARM Levon Aronian 2830 0 - ½ 1 - 0 ½ - ½ 1 - 0 ½ - 0 1 - ½ ½ - ½ 3 45,00
7  RUS Peter Svidler 2758 ½ - ½ ½ - 0 ½ - 1 0 - ½ 1 - ½ 0 - ½ 1 - 0 ½ 3 46,00
8  BUL Veselin Topalov 2785 ½ - 0 ½ - ½ 1 - 0 ½ - ½ 0 - ½ ½ - ½ 0 - 1 6 2 42,25

Verdsmeisterskapen[endre | endre wikiteksten]

Timeplan[endre | endre wikiteksten]

Kvart parti starta klokka 15.00 MSK (UTC+3, dvs. klokka 13.00 norsk tid).[3]

Dato Dag Hending
7. november 2014 Fredag Opningsseremoni[4]
8. november 2014 Laurdag 1. parti
9. november 2014 Sundag 2. parti
10. november 2014 Måndag Kviledag
11. november 2014 Tysdag 3. parti
12. november 2014 Onsdag 4. parti
13. november 2014 Torsdag Kviledag
14. november 2014 Fredag 5. parti
15. november 2014 Laurdag 6. parti
16. november 2014 Sundag Kviledag
17. november 2014 Måndag 7. parti

Dato Dag Hending
18. november 2014 Tysdag 8. parti
19. november 2014 Onsdag Kviledag
20. november 2014 Torsdag 9. parti
21. november 2014 Fredag 10. parti
22. november 2014 Laurdag Kviledag
23. november 2014 Sundag 11. parti
24. november 2014 Måndag Kviledag
25. november 2014 Tysdag 12. parti (blei ikkje spelt)
26. november 2014 Onsdag Kviledag
27. november 2014 Torsdag Dersom uavgjort etter 12. parti:
fire parti hurtigsjakk, og evt. lynsjakk
TBA TBA Avslutningsseremoni

Premiering[endre | endre wikiteksten]

Premiane blir utbetalte i Euro og fordelt med 60% til vinnaren og 40% til andreplassen.

Totalt 1.000.000
Vinnar 600.000
2. plass 400.000

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Verdsmeisterskapen i sjakk 2014
(Kvart parti er lenkja til ei oversikt på chessbomb.com.)
Rating Parti 1
8. nov
Parti 2
9. nov
Parti 3
11. nov
Parti 4
12. nov
Parti 5
14. nov
Parti 6
15. nov
Parti 7
17. nov
Parti 8
18. nov
Parti 9
20. nov
Parti 10
21. nov
Parti 11
23. nov
Parti 12
25. nov
Poeng
Noreg Magnus Carlsen 2863 ½ 1 0 ½ ½ 1 ½ ½ ½ ½ 1 Blei ikkje
India Viswanathan Anand 2792 ½ 0 1 ½ ½ 0 ½ ½ ½ ½ 0 naudsynt

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Top 100 Players». Ratings.fide.com. Henta 10. november 2014. 
  2. «Sochi 2014». Henta 12. november 2014. 
  3. «Match Carlsen-Anand: Venue, Schedule, Tickets». Chessdom. 30. oktober 2014. Henta 12. november 2014. 
  4. «Match schedule». fide.com. FIDE. Arkivert frå originalen 30. oktober 2014. Henta 10. november 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]