Verdsmusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Verdsmusikk (engelsk World Music) er ei nemning som i regelen dekkjer all musikk som ikkje fell inn under kategoriane vestleg popmusikk, vestleg klassisk musikk, eller musikkformer av amerikansk opphav, slik som jazz, hip-hop, country og rock.

Nemninga vart skapt på midten av 1980-talet av den britiske platebransjen for å kategorisere musikk som fall utanfor kategoriane nemnt ovanfor.

Nemninga dekkjer óg popmusikk frå Afrika, Asia og Latinamerika, vestleg popmusikk som nyttar element frå dei nemnde kontinenta, og tradisjonsmusikk, som regel frå utanfor Europa og USA, men ikkje utelukkande.

Nemninga vert nytta ulikt i ulike land, og det er ikkje uvanleg at popmusikkfransk vert kategorisert som «world music» i amerikanske platebutikkar.

Omgrepet har vorte kritisert for å vere eurosentrisk og upresist, og for å vere lite egna for klassifisering av musikk. Utifrå eit musikalsk eller kulturelt synspunkt er det i utgangspunktet ingen fellestrekk mellom dei ulike musikksjangerane som fell inn under kategorien verdsmusikk.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.