Verdsrommet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grensa mellom jordatmosfæren og verdsrommet

Verdsrommet eller det ytre rommet er den delen av universet som ligg utanfor atmosfæren til jorda[1] og mellom himmellekamar. Verdsrommet er ikkje heilt tomt, men likner eit vakuum ved at det har ein særs låg partikkeltettleik. I det ytre verdsrommet er trykket ca. 10−14 pascal, kring 10 molekyl per milliliter.[2] Av partiklar finn ein hovudsakleg hydrogen og helium i plasmaform, nøytrinoar og kosmisk støv, i tillegg til elektromagnetisk stråling, magnetfelt og kosmisk stråling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Evans, Anna Kathinka Dalland (15. desember 2017). «verdensrommet». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Pedersen, Bjørn (29. januar 2019). «vakuum». Store norske leksikon (på norsk). 
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.