Verdssjakkforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Verdsjakkforbundet eller Fédération Internationale des Échecs er ein internasjonal organisasjon som sameinar dei ulike nasjonale sjakkforbunda i verda. Verdssjakkforbundet blir ofte omtala som FIDE, etter forbokstavane i det franske namnet Fédération Internationale des Échecs.

FIDE vart grunnlagt i Paris, Frankrike den 24. juli 1924. Verdssjakkforbundet har mottoet Gens una sumus, som betyr "Vi er eitt folk". President i Verdsjakkforbundet er no Kirsan Iljumzjinov. Han er også president i Kalmykia, liten delrepublikk i Russland.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Verdssjakkforbundet organiserer verdsmeisterskapen i sjakk og sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk), og mange andre sjakkturneringar, som kvinne-VM, VM i mange aldersklasser for born og ungdom, og VM for seniorar.

Verdssjakkforbundet reknar ut FIDE-rating for spelarane, og delar ut internasjonale sjakktitlar, så som sjakkstormeister, Internasjonal meister i sjakk, FIDE-meister (FM) og Kandidat-meister (CM), tilsvarande titlar for kvinner, tilsvarande titlar for problem-komposisjon og løysing av sjakkproblem, godkjenner ICCF sine tilsvarande titlar for fjernsjakk, autoriserer internasjonale sjakkdommarar (turneringsleiarar), og tildelar titlar til sjakkorganisatorar.

Verdssjakkforbundet vedtar dei internasjonale sjakkreglane, som blir lagt til grunn av spelarar og arrangørar av turneringar over heile verda.

Verdssjakkforbundet organiserer no også utdanning for sjakktrenarar og autoriserer trenarar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Verdssjakkforbundet vart grunnlagt av få medlemsforbund, og hadde i dei første åra begrensa innverknad over sjakkverda. Ei av årsakene var at Sovjetunionen, som var ei sjakk-stormakt når det gjaldt medlemstal og sterke spelarar, ikkje vart med, av politiske årsaker. Verdssjakkforbundet hadde til dømes ingen innverknad over kven verdsmeistaren i sjakk valde å spele VM-kamp mot.

Verdssjakkforbundet fekk likevel i gang nye turneringar som VM for amatørar, vunne av Max Euwe i 1928, og sjakk-olympiadar (lag-VM i sjakk) frå 1927.

Verdssjakkforbundet si stilling endra seg etter at dåverande verdsmeister Alexander Alekhine døydde i 1946. Verdssjakkforbundet tok då på seg å organisere ei turnering for å få kåra ein ny verdsmeister, og Sovjetunionen kom til at dei måtte vere med i den vidare prosessen. VM-turneringa i 1948 vart då også vunnen av Mikhail Botvinnik frå Sovjetunionen.

Frå VM-turneringa i 1948 fram til 1993 vart alle kampar om verdsmeisterskapen i sjakk organisert av verdssjakkforbundet. Dette skjedde ikkje utan strid. Mellom anna vart i 1975 amerikanaren Bobby Fischer fråtatt VM-tittelen som han vann i 1972, etter strid om vilkåra for VM-kampen mot utfordraren Anatolij Karpov: Verdssjakkforbundet nekta å gå med på alle krava som Bobby Fischer stilte, og han gjorde det deretter klart at han ikkje ville stille opp for å forsvare tittelen - og Karpov vart utropt til ny verdsmeister. I 1985 greip Verdssjakkforbundet ved president Florencio Campomanes inn i den då pågåande VM-kampen mellom Karpov og Garri Kasparov: Kampen hadde pågått i 48 parti og i 6 månader, utan avgjerd, og kampen vart rett og slett avbroten og avslutta utan resultat. Grunngjevinga var at den langvarige kampen var i ferd med å gå ut over helsa til spelarane. Det vart deretter spelt ein ny og kortare VM-kamp året etterpå mellom dei same to spelarane.

Verre vart det i 1993. Då skulle regjerande verdsmeister Kasparov spele VM-kamp mot utfordraren Nigel Short, England. Short hadde kvalifisert seg til VM-kampen gjennom Verdssjakkforbundet sine turneringar. Desse to braut då ut av Verdssjakkforbundet, og VM-kampen vart arrangert av deira nystarta organisasjon Professional Chess Association (PCA). Dette medførte at her var strid om VM-tittelen i ein periode på 13 år. I løpet av desse 13 åra vart det arrangert såkalla "klassiske" VM-kampar i 1995, 2000 og 2004 utanom FIDE. Og Verdssjakkforbundet FIDE arrangerte samtidig sine eigne VM-turneringar. I perioden 1998-2004 vart FIDE-VM arrangert som utslagsturneringar, med redusert tenketid. Dette var svært omstridd, og medførte svært overraskande vinnarar av VM-turneringane. Eit par av vinnarane var ikkje rangert blant dei 40 beste spelarane i verda. Omstridt var det også då det vart beslutta å arrangere FIDE-VM i 2004 i Libya. I 2002 vart det inngått ein avtale om å sameine VM-titlane. Det lykkast ikkje for verdssjakkforbundet å organisere gjennomføringa av denne avtalen. Men i 2006 lykkast det omsider å få til ein VM-kamp mellom FIDE-verdsmeister Veselin Topalov og "klassisk" verdsmeister Vladimir Kramnik. Denne kampen vann Kramnik, og dette 13-års skismet var dermed avslutta.

I 1999 vart Verdssjakkforbundet FIDE anerkjent av Den internasjonale olympiske komiteen (IOC). I 2001 slutta FIDE seg til IOC sine antidoping-reglar. FIDE ynskjer at sjakk skal bli med i dei olympiske leikane.

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

Det er no om lag 158-159 medlemsland i Verdssjakkforbundet. Talet varierer noko, etter som det kjem til nye land, og ein del land har svake nasjonale organisasjonar, som kan ha problem, slik at medlemskontingenten ikkje blir betalt.

Norges Sjakkforbund er norsk medlemsorganisasjon i Verdssjakkforbundet FIDE.

Presidentar i Verdssjakkforbundet[endre | endre wikiteksten]

  • 1924–1949 Alexander Rueb, Nederland
  • 1949–1970 Folke Rogard, Sverige
  • 1970–1978 Max Euwe, Nederland
  • 1978–1982 Friðrik Ólafsson, Island
  • 1982–1995 Florencio Campomanes, Filippinane
  • 1995–no Kirsan Ilyumzhinov, Russland (attvald i 2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]