Vernadsky-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 65°14′44.44″S 64°15′28.17″W
Vernadsky-basen
stasjon
none  «Akademik Vernadsky», den ukrainske antarktisstasjonen (i 2000)
«Akademik Vernadsky», den ukrainske antarktisstasjonen (i 2000)
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Graham Land
 - koordinatar 65°14′44.44″S 64°15′28.17″W
Administrert under Antarktistraktaten
Vernadsky-basen is located in Antarktis
Vernadsky-basen (Antarktis)

Vernadskyj-basen (ukrainsk Академік Вернадський; Akademik Vernadsky) er ein ukrainsk antarktisstasjon ved Marina Point på IÎles Galindez i Argentine Islands i Antarktis.

Weradskyi3(js).jpg
Weradskyi4(js).jpg

Historie[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Stasjonen vart oppretta av britiske Falkland Islands Dependencies Survey som Base F [1] eller «Argentine Islands» på Winter Island i 1947. Hovudhytta, som vart bygd på same stad som ei tidlegare hytte under British Graham Land Expedition, vart namngjeven «Wordie House» etter sir James Wordie, eit medlem på Endurance-ekspedisjonen til Ernest Shackleton som vitja under bygginga.[2]

Wordie House er restaurert og har status som historisk stad og monument nr. 62.[3] Basen vart flytta til nærliggande IÎles Galindez i mai 1954 der hovudbygningen fekk namnet «Coronation House».

Basen fekk namnet Faraday-stasjonen i august 1977 til ære for den britiske forskaren Michael Faraday.[4]

Ukraina[endre | endre wikiteksten]

Ukraina tok over drifta av basen i februar 1996 [4] for den symbolske summen av eitt pund. Kostnaden med å demontere basen utan å forstyrre miljøet ville bli for dyrt. Det ukrainske antarktissenteret heldt fram med å forske på meteorologi, atmosfærisk fysikk, geomagnetisme, ozon, seismologi, glasiologi, økologi, biologi og fysiologi.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vernadsky-basen