Verneplikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Finske vernepliktige sverjer militæreid.

Verneplikt er ei plikt statsborgarane i eit land har til å ta del i forsvaret av landet sitt. Nokre land har obligatorisk verneplikt; andre kan innføra det berre dersom dei er i krig og treng fleire soldatar.

Land med obligatorisk verneplikt er mellom anna: Austerrike, Danmark, Kina, Finland, Tyskland, Hellas, Israel, Libanon, Malaysia, Russland, Singapore, Sør-Korea, Sveits, Sverige, Taiwan og Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Verneplikt gjorde det mogeleg for Den franske republikken å oppretta «den store hæren» til Napoleon, la Grande Armée. Denne hadde stor suksess mot dei profesjonelle hærane i Europa.

Verneplikt der vernepliktige soldatar blir sende for å krige i utlandet, og med det ikkje direkte påverkar forsvaret av landet, har historisk sett vore eit politisk omstridt tema i vestlege demokrati. Til dømes, i laupet av den fyrste verdskrigen, braut det ut bitre politiske kranglar i Canada (jmf. Vernepliktskrisa i 1917), Newfoundland, Australia og New Zealand. Liknande problem oppstod òg i mange land under Vietnamkrigen.

Det er lite truleg at verneplikt blir utbreidd igjen, då det er mindre fare for krig. Dei fleste industrialiserte landa har fokusert på betre militær teknologi og betre trente soldatar. Dessutan har ein erfaringa frå mellom anna Vietnamkrigen.

Russland og Kina, og fleire mindre nasjonar, held ein framleis på verneplikta.

Kvinneleg verneplikt[endre | endre wikiteksten]

I dei fleste landa med verneplikt, er han berre obligatorisk for menn (bortsett frå mellom anna Israel). Fleire har vurdert denne praksisen, då verneplikt berre for menn vert sett på som eit brot på likestillinga. Under den andre verdskrigen vart kvinner i Storbritannia og Sovjetunionen utkommanderte i krigen. USA var like ved å utkommandere kvinner til Sjukepleiarkorpset som ein lekk i førebuingane for å invadere Japan, men atombomba og den japanske kapitulasjonen gjorde planane unødige. Noreg vedtok kjønnsnøytral verneplikt, altså verneplikt som er lik for menn og kvinner, 14. juni 2013. Noreg var ifølge Aftenposten første land til å vedta ei slik kjønnsnøytral verneplikt.[1]

Sivil verneplikt[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste land i verda har gjennom FN forplikta seg til å ha eit alternativ for vernepliktige som av ein eller annan grunn ikkje ynskjer militær verneplikt. Som oftast må det grunnast på eit moralsk eller etisk grunnlag, som oftast er det anten på grunn av religion eller pasifistisk overtyding. Ei gruppe der det er vanleg å nekte militærteneste på religiøst grunnlag er Jehovas Vitner med den grunna at kristne bør vere nøytrale i ein kvar internasjonal konflikt. Det vil ikkje sei at medlemmene er pasifistar. Kvekarane er ei anna religiøs gruppe der medlemmene er pasifistar.

I situasjonar og land der det ikkje har eksistert noko alternativ for militærnektarar har ein ofte plassert dei i fengsel over ein periode på fleire år (ofte mellom 2 og 4 år). I Israel der ein har ålmenn militær verneplikt for begge kjønna og der det ikkje finst noko system for å fange opp personar som ikkje vil inn i militær teneste, vert militærnektarar plasserte i fengsel i tre eller fire år i tillegg til at dei misser ein del rettar som rett til bustad og jobb.

I Noreg har ein hatt eit siviltenesteapparat sidan 1960-talet. Den 19. mars 1965 vart «Lov om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner», eller den såkalla Militærnektarlova vedteken. §1 i lova slår fast at ein kan få fritak om ein ikkje kan gjennomføre verneplikta utan å komme i konflikt med eige syn, inkludert mogleg bruk av masseøydeleggingsvåpen.[2] Tidlegare måtte ein inn til politiavhør og/eller rettssak for å kontrollere at ein ikkje «lurte seg unna», men dette har blitt mjuka opp i stor grad dei siste åra. No er det å nekte militærtenesta mykje meir akseptert i ålmenta, og derfor er det òg lettare å verte godteke av systemet.

I Noreg må ein utføre ei sivilteneste på 13 månader om ein får søknaden sin godkjent. Som sivilarbeidar arbeider ein i ein offentleg institusjon, kulturinstitusjon eller hjå ein humanitær organisasjon. Før fanst berre to institusjonar for sivilteneste: Dillingøy leir som dekte sør- og aust-landet; og Hustad leir som dekte Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Den 15. november 2004 vart Hustad leir gjort om til fengsel og siviltenesteadministrasjonen flytta til Dillingøy. Ein reknar med at ca. 8-10 % av alle som utfører verneplikt utfører den i sivil.

Verneplikt i verda[endre | endre wikiteksten]

██ Ingen militære styrkar ██ Inga verneplikt ██ I ferd med å avskaffa verneplikt ██ Verneplikt ██ Ingen informasjon

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Verneplikta i Noreg vert rekna å ha røter til leidangen som var eit forsvarssytem under vikingtida og mellomalderen. I Noreg er ålmenn verneplikt slegen fast i Grunnlova sin § 109, og det finst meir detaljerte reglar om verneplikta i vernepliktslova av 1953. Forsvarets organ for organisering av verneplikta heiter Vernepliktsverket, og deira arbeidsoppgåver inkluderer sesjon, fordeling, og innkalling til fyrstegongsteneste og repetisjonsteneste, rulleføring, mobilisering - kort sagt alt som har med verneplikt å gjere.

I Noreg startar verneplikt (som berre gjeld menn) det året ein fyller 19 år, og varar ut det året ein fyller 44 år. I krig eller når krig trugar, kan det settast opp ei krigsforsterking som omfattar tenestedyktige menn opp til 55 år.

Alle vernepliktige er forplikta til å ta over den tenestestillinga i Forsvaret som han vert påboden, og utføre den tenesta som ein vert pålagd. Ein er òg forplikta til å ta imot høgare grad og å gå gjennom nødvendig utdanning. Kvinneleg personell som gjer friviljug teneste, har mobiliserings- og tenesteplikt etter nærare bestemmingar gjevne av Kongen (med Stortinget sitt samtykke).

Fyrstegongstenesta varar 12 månader i Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret. I Heimevernet varar den seks månader. Den grunnleggjande soldatopplæringa og for enkelte spesialistutdanning eller befalsutdanning går føre seg under fyrstegongstenesta. Seinare kan ein bli kalla inn til repetisjonsøving i mobiliseringsforsvaret eller bli overført til Heimevernet.

Sveits[endre | endre wikiteksten]

Sveits har den største militshæren i verda, på rundt 200 000. Den grunnleggjande treninga tek 17 veker, deretter tek ein årlege oppfriskingskurs på tre veker til ein har opptent eit visst tal dagar (300 for meinige). Kvinner kan velja å vera med i hæren. Militærnektarar kan utføra sivilarbeid i til saman 450 dagar. I dag fullfører berre rundt ein tredjedel av alle sveitsiske menn den grunnleggjande treninga.

Israel[endre | endre wikiteksten]

Israel har ei sterk tryggingstrong, og har obligatorisk verneplikt for både kvinner (21 månader) og menn (36 månader). Visse etniske og religiøse grupper er fritekne. I dei siste året har stadig fleire byrja å nekta militærtenesta, særleg i dei okkuperte områda, og mange av desse har fått fengselsstraffer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Verneplikt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I dag innføres kjønnsnøytral verneplikt, aftenposten.no (14. juni 2013)
  2. Lovdata